Hopp til innhold

Dei vil skriva «me» - ikkje «vi» - og dei vil framleis bruka a-infinitiv

Lærarar i Sogn likar dårleg at tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje får lov å skriva «me» eller «gjera» lenger. Dei har sendt brev til fylkeskommunen for å få gjort om på reglane.

Montasje Sogndal vidaregåande skule

SKRIV «ME», IKKJE «VI»: Norsklærar Øystein Rutlin og rektor MartaSofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule protesterer mot dei fylkeskommunale språkreglane.

Foto: privat/Kjell Arvid Stølen

I språkbruksplanen står det at det er «vi» og e-ending i infinitiv som er rett språkbruk for dei tilsette.

Sogningane bør få skriva det som er naturleg for dei, seier rektor ved Sogndal vidaregåande skule, Marta Sofie Vange.

– Me syntest at planen er god, men så vart me veldig skuffa då me såg at det stod at me ikkje skulle skriva me lenger, og ikkje a-infinitiv. Begge delar er heilt naturleg å skriva for oss i Sogn

Marta Sofie Vange

OVERRASKA OVER REGLANE: Rektor Marta Sofie Vange.

Foto: privat

I går fortalde NRK om språkreglane til Sogn og Fjordane fylkeskommune, der det mellom anna står: «I fylkeskommunen nyttar vi VI (ikkje ME) i all offisiell korrespondanse».

Vil ha endra reglane

At det blir innført så strenge reglar overraskar norsklærarane og rektor Vange.

– Det er ingen som har gitt oss påpakning for at me skriv me og a-infinitiv til denne tid. Eg er ikkje sikker på om dei har tenkt godt nok gjennom dette.

Difor har norsklærarne ved Sogndal vidaregåande sendt brev til fylkeskommunen for å få reglane endra.

Planen er ikkje politisk handsama, og det trengst heller ikkje, meiner medlem i fylkesutvalet for kultur og førsteamanuensis i norsk, Jan Olav Fretland. Han synest planen er god, men han skjønar at det kjem reaksjonar.

– Det kan henda at ein burde vurdera å mjuka litt opp på dette punktet, men nynorsken har bruk for eit slikt einskapeleg bilete. Det er ikkje sikkert at det alltid er ein fordel at nynorsken skal blomstra i alle retningar. Me har og bruk for eit fast skriftbilete.

Jan Olav Fretland

VIL SKRIVA ME: Fylkespolitikar Jan Olav Fretland (SV).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Gjeld ikkje for politikarar


Ifølgje Marta Sofie Vange er det også uklart om reglane gjeld for fylkeskommunalt tilsette lærarar, eller berre dei som arbeider i administrasjonen. Fretland er klar på at dei ikkje gjeld han sjølv og andre politikarar.

– Når eg som lærdøl kjem med eit framlegg i fylkestinget vil det vera skrive med me og a-infinitiv, og slik må det vera. Eg kjem å gjera det til handa mi sluttar å virka.