Hopp til innhold

Lærarar sluttar i Terra-kommune

Kuttforslaga i Vik skremmer. Lærarar seier opp jobben.

Nils Gunnar Myrkaskog og Marta Finden Halset

Tidlegare rådmann, Nils Geir Myrkaskog og ordførar Marta Finden Halset misser lærarar.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Rådmann Oddbjørn Ese peika i går på kutt på over fire millionar kroner berre innan oppvekst i kommunen. Det kan bety nedlegging av skuletilbod både i Framfjorden, Vangsnes, Feios og Fresvik.

Orkar ikkje meir

Rektor ved Fresvik skule, Jarle Christensen, fortel at rykta om kutt har gått i lengre tid, og at somme lærarar ikkje orkar meir:

- Dei er så usikre på framtida at dei rett og slett ikkje maktar å forhalde seg til det.

Vik kommune må kutte 25 millionar kroner årleg dei neste fire åra, på grunn av utrekna tap på over 90 millionar kroner etter Terra-skandalen.

Tøff tid

Utdanningsforbundet varslar kamp mot skulekutta i Vik. Lokallagsleiar Ole Jørgen Øygarden seier at det er ei tøff tid for mange i skulen.

Ordføraren i Vik, Marta Finden Halset, understrekar at kuttlista som rådmannen la fram på kommunestyremøtet i går er ei såkalla arbeidsliste som politikarane skal handsame. Ho vil ikkje kommentere at lærarar i Vik rømmer frå skulen.