NRK Meny
Normal

Lærarar i Zambia får hjelp frå Sogn

I konkurranse med fleire av dei store høgskulane i landet har Høgskulen i Sogn og Fjordane fått i oppdrag å bygge opp ei treårig lærarutdanning i Zambia.

Utanriksdepartementet løyver over 1 million kroner til prosjektet.

I dag har lærarstudentar i Livingstone i Zambia eit tilbod om ei toårig utdanning. Dette skal, med hjelp frå Høgskulen i Sogn og Fjordane bli til tre år. Samtidig skal kompetansen hevast slik at standarden på sikt kan kome opp på eit europeisk høgskulenivå, seier prosjektleiar og høgskulelektor Ane Bergersen. 

- Hjelper på rekrutteringa

Det er Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) som står bak satsinga i Zambia. Dei har fått med seg NORAD og totalt er det løyvd 1,2 millionar kroner til det toårige prosjeket som altså blir leia av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dekan ved lærarutdanninga Svein Heggheim meiner dette er eit viktig steg i høgskulen si internasjonale satsing. Han trur også at det vil hjelpe på rekrutteringa til lærarutdanninga. 

Høgskulen sine erfaringar med å byggje opp ei fullverdig lærarutdanning i Zambia kan vere starten på noko større. Ane Bergersen trur nemleg at fleire avdelingar ved skulen kan bidra med sin kompetansje i andre utviklingsland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser