Den allmennfaglege påbyggingsklassen i Eid vert nytta av 40 elevar i dag. Frå neste haust vert tilbodet å finne på kysten.
Knut M. Olsen meiner det er gode grunnar for å flytte klassen. (Foto: NRK)
- Gode grunnar
- Det ligg gode grunnar bak vedtaket om å flytte ein skuleklasse frå Eid til Måløy, seier leiar i hovudutvalet for opplæring, Knut M. Olsen. Han seier klassen må flyttast om elevane ved skulen i Måløy skal få eit fullgodt valfagtilbod.
- Plaster på såret?
Men tilsette ved skulen i Eid seier derimot at denne klassen ikkje vil betre valfagtilhøva i Måløy, og at grunngjevinga til Olsen er for tynn.
Tillitsvald Kjell Nøstdal lurer på om vedtaket kanskje er eit plaster på såret for Måløy. For to år sidan fekk nemleg skulen på kysten redusert klassetalet sitt.