Hopp til innhold

Lærarane frå heile fylket valfarta for å støtte sine over 7.800 streikande kollegaer

Godt over 1.000 lærarar frå heile fylket markerte tysdag si støtte til streikande lærarar i Førde.

Sjå streiketoget i Førde!

SJÅ STREIKETOGET: Over 1.000 lærarar var tysdag kveld samla i Førde for å markere si støtte til lærarstreiken. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

Som dei to siste stadane i landet gjennomførte Utdanningsforbundet stormarkering i Drammen og Førde tysdag kveld.

Til Festplassen i Førde kom busslass etter busslass frå heile fylket, med lærarar ikledde kvite t-skjorter.

– Det er fantastisk å sjå bussdørene opne seg og lærarane aule ut med kvite t-skjorter til støtte for dei streikande lærarane i Førde, stråla Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar i Utdanningsforbundet.

Vil tilbake på skulen

Det er andre veka at lærarar i Førde er ute i streik. Like lenge har elevar i den vidaregåande skulen og grunnskulen vore utan undervisning etter sommarferien.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Streiken fører til heimeskule

SJÅ TV-SAK: 5.-klassingen Brede Landro Tistel i Førde har funne sin måte å halde kunnskapen ved like, sjølv om skulestarten har blitt utsett.

Brede Landro Tistel er mellom elevane ved Halbrend skule som gjerne skulle vore attende på skulebenkene. Saman med mamma Rita Elisabeth Landro, har han måtte ty til heimeundervisning.

– Vi burde vore på skulen og lært, så det ikkje blir så vanskeleg å komme i gang att, meiner 5.-klassingen.

Rita Elisabeth Landro og Brede Landro Tistel

VIL TILBAKE: I mangel av undervisning i klasserommet tyr Brede Landro Tistel (t.v.) og Rita Elisabeth Landro til heimeundervisning.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Haugsbø er glad for å høyre elevane etterlyse skulestart.

– Eg som lærar kjenner at det er veldig kjekt å høyre at elevane lengtar tilbake til skulen, og er klare for eit nytt arbeidsår. Det vil lærarane veldig gjerne også, så no er det opp til KS å få strekt seg litt så vi kjem oss attende til klasseromma der vi skal vere, seier fylkesleiaren i Utdanningsforbundet.

100.000 elevar råka

Kjernen i arbeidskonflikten er kor mykje av lærarane si arbeidstid som skal bindast opp med krav om å vere til stades på skulen. No er over 7.800 lærarar ute i streik, og over 100.000 elevar ved 200 skular råka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Streikemarkering i Førde

MARSJERTE: Lærarane marsjerte frå Festplassen til sentrum og tilbake under streikemarkeringar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

At streiken har støtte i Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Musikernes fellesorganisasjon og Norsk Lektorlag kom tydeleg til syne med over 1.000 frammøtte i Førde.

– Vi kjempar ein veldig viktig kamp for å gi elevane god undervisning og at vi skal få moglegheit til å gjere jobben vår når hovudet fungerer best. Det er det vi kjempar for no, og det stiller lærarane opp om, seier streikeleiar Sissel Sande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærarar samla til streikemarkering i Førde.

MANGE: Lærarane nærast velta ut av bussane for å gje sine streikande kollegaer i Førde støtte.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Opp til KS

Gunn Marit Haugsbø

STOLT: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, var godt nøgd over at lærarar frå alle kommunane i fylket tok turen til Førde tysdag kveld.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Under markeringa gjekk lærarane i tog frå Festplassen og gjennom Førde sentrum. Ved Førde stadion vart det appellar, mellom anna ved 1. nestleiar Terje Skyvulstad og lokale tillitsvalde. I tillegg stilte lærarane med eige streikeband og streikesong.

Fylkesleiar Haugsbø vedgjekk at sjølv om streik er ei lovleg handling i ein arbeidskonflikt, så er ho er redd for å miste sympati hos folket.

– Vi er veldig avhengige av at foreldre og elevar ser kvifor dette er viktig. Samstundes er det slik at dersom KS hadde hatt litt mindre prestisje, så hadde lærarane vore tilbake i klasseromma. Det er ikkje tvil om at det er KS-styret sitt krav om å redusere fleksibiliteten til lærarane som hindrar ei løysing i denne saka, avsluttar ho.