Hopp til innhold

Lærarane reiste på tur og gav ansvaret til studentane

FØRDE (NRK): I to veker skal 45 lærarstudentar ta over heile skulen. Lærarane er send på studietur til Berlin.

Skuleovertaking

SKULEOVERTAKING: Dei neste to vekene er det lærarstudentar som styrer Halbrend skule i Førde. Student Karoline Lester Turøy synest det går bra.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Foreløpig synest eg det har gått veldig bra, me har hatt nokre brannalarmar som har gått og diverse, men me er førebudde, så det har gått fint, seier lærarstudent Karoline Lester Turøy.

45 lærarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet kom og tok over rollene som rektor, assisterande rektor og lærarar ved Halbrend skule i Førde.

Skuleovertaking er ein del av tredje- årspraksisen ved lærarutdanninga i Sogn og Fjordane. Opplegget er ganske unikt med tanke på varigheit.

Øyvind Aaberge

FUNGERANDE REKTOR: Øyvind Aaberge har teke over som rektor for Halbrend skule dei to neste komande vekene.

Foto: Oddmund Hauge / NRK

Ansvar åleine

Studentane tek over alle dei vanlege arbeidsoppgåvene som lærarar har; førebuing, fordeling av timar og vakter i friminutt. Dersom nokon er vekke så må dei sjølv skaffa vikarar.

– Det er litt merkeleg å ha så mykje ansvar. Eg har aldri hatt det før, eg har berre vore i vanleg praksis. Så det å vera rektor trur eg kjem til å bli ei veldig lærerik oppleving, seier Aaberge.

Øyvind Aaberge er 21 år og ein av studentane som får testa ut rektorrolla i overtakingsperioden.

– Det er nok rart for elevane med heilt nye lærarar. Me får sjå om dei kjem til å testa grensene våre, men det har no gått bra til no, seier Aaberge.

Marius Øksenberg og Johanna Fonn

NØGDE ELEVAR: Marius Øksenberg og Johanna Fonn synest studentane gjer ein god jobb med kreative læremetodar.

Foto: Oddmund Hauge / NRK

Nøgde elevar

– Eg synest det er gøy. Dei nye lærarane lærer oss nye ting på ein kjekkare måte, så det er kjekkare å læra. Eg trur det er fordi dei nesten akkurat har blitt vaksne og hugsar at dei vil ha kjekke ting i timane, seier eleven Johanna Fonn.

Johanna Fonn og Marius Øksenberg går i 6. klasse og er fram til no nøgd med dei nye lærarane.

– Du lærer ting på ein annleis måte, så det blir kjekkare. Dei andre lærarane går meir rett på, medan desse gir oss alle detaljane. Men eg gler meg litt til dei andre kjem tilbake også, seier Marius Øksenberg.

Oda Steindal Romarheim

SPENT STUDENT: Oda Steindal Romarheim har vore spent på skuleovertakinga.

Foto: Oddmund Hauge / NRK

Spent på overtakinga

– Eg trudde eg skulle bli meir nervøs enn eg har vore. Plutseleg var berre lærarane vekke og me var nøydd til å gi gass, seier Oda Steindal Romarheim.

Sjølv har ikkje studenten vore i tvil om at det var lærar ho skulle bli og likar seg godt i rolla som fungerande lærar.

– Eg har lyst å hjelpa til. Me har vore veldig spent på å ta over, sidan det er noko anna enn berre å vera i praksis. Det er utruleg kjekt å få det ansvaret, seier Romarheim.