NRK Meny
Normal

No er Idun klar til å undervise og gler seg til å møte den nye klassen sin

I tre veker har Idun Kjøsnes Andersen og dei andre lærarane ved Førde ungdomsskule måtte halde seg vekke frå skulen sin. No er streiken over og læraren er endeleg klar til å ta imot klassen sin.

Idun Kjøsnes Andersen

KLAR BAK KATETERET: Idun Kjøsnes Andersen står klar bak kateteret. I morgon kjem elevane hennar tilbake på skulen og ho gler seg til å ta til på undervisninga att.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er ei veldig god kjensle at streiken er over, at vi er tilbake på jobb og at elevane kjem i morgon. Det er viktig, seier Idun Kjøsnes Andersen. Ho er trinnleiar og kontaktlærar for 8. klasse ved Førde ungdomsskule.

Her underviser ho til vanleg i norsk, mat og helst, samfunnsfag og RLE, men denne hausten har ho enda ikkje tatt plass bak kateteret. Streiken som har vart i tre veker vart i dag avblåst.

Idun Kjøsnes Andersen

TOMT: Pultane i klasserommet til Idun Kjøsnes Andersen er førebels tomme, men i morgon kjem elevane tilbake.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Sjølv om eg enda ikkje har fått tid til å setje meg inn i kva det betyr sånn arbeidsavtalemessig, så er det godt at det no er over, seier Kjøsnes Andersen.

I Førde har både Førde ungdomsskule, Halbrend skule og Hafstad vidaregåande skule vore ramma av streiken. Til saman 164 lærar har vore i streik.

Læraren tykkjer dei siste tre vekene der ho har vore i streik har vore viktige, sjølv om ho no gler seg til å kome i gong med skuleåret.

– Streiken har vore viktig for saka vår, men det har sjølvsagt vore kjedeleg å ikkje vere på jobb og ikkje vere på med elevane. Vi som har streika har tenkt mest på saka og motivasjonen for at elevane våre skal ha det bra òg i framtida, ikkje berre her og no, seier ho.

Sommarfuglar i magen

28-åringen tek eit første steg inn i klasserommet sitt sidan sommarferien. I morgon kjem det nye elevar til ungdomsskulen. Elevar som er klare for å ta til på skuleåret i 8. klasse.

Ho seier det har gått bra å streike, for det er først og fremst elevane dei har tenkt på.

– Det er for at vi skal kunne gjere ein god nok jobb for dei, og for at dei skal ha det best mogleg, både når det gjeld trivsel, sosialt, men òg fagleg, fortel Kjøsnes Andersen.

– Saka har vore viktig, men det er godt å vere tilbake på jobb, smiler læraren.

– Korleis blir det å få elevane tilbake?

– Det trur eg blir veldig kjekt. Eg er jo ekstra spent og har kanskje ekstra mykje sommarfuglar i og med at eg skal ta i mot min nye 8. klasse. Det vert veldig spesielt, og veldig kjekt når det no kjem elevar på Førde ungdomsskule igjen, seier ho.

Tapt undervisning

Lærarar klare til skulestart

NY GIV: Lærarane ved Førde ungdomsskule møtte i dag opp i auditoriet på skulen sin. I morgon startar skulen og dei har kort tid til å førebu seg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Med to veker utan undervisning er det mykje elevane ikkje har fått kome i gong med.

– Eg trur at det vi må fokusere på er gjere det beste ut av den tida vi har no og prøve å lære elevane det viktigaste av det dei skal lære og få dei til å trivast og ha det kjekt i lag på skulen. Vi må berre bruke den tida vi har og ikkje tenkje på alt ein har gått glipp av. Eg trur det skal gå bra. Vi har tida til at dei skal få gjere sitt beste, trur Kjøsnes Andersen

Jublar for jobben sin

Læraren kan fortelje at alle er veldig glade for å no vere tilbake på jobb.

– Vi jublar for å vere tilbake på jobb.

Streikekvardagen var lang og sjølv arbeidde Kjøsnes Andersen i streikekafe-komiteen. Då vart det kjøkkenteneste kvar dag.

– Elles har det vore mykje ulike aktivitetar. Både det å opplyse folk om kva streiken faktisk dreiar seg om. Men òg i forhold til det å motivere oss til å stå i ein streik. Det handla mykje om å få tida til å gå og ikkje bli umotivert og lei, fortel ho.

Ny rektor måtte rett i streik

Hallgeir Hamre skulle ha starte i ny jobb etter sommarferien. Den ferske rektoren på Førde ungdomsskule fekk ikkje heilt den starten han hadde tenkt.

– Eigentleg skulle vi begynne med ei veke med planlegging og deretter så skulle det kome 345 elevar. I staden så blei eg sitjande i lag med dei andre lærarane som streikevakt. Så det blei litt annleis enn det eg hadde håpa og trudd, seier Hamre.

Sjølv om mange dagar har gått tapt, seier han dei er klare til skulestart på tysdag.

– No jobbar vi under høgtrykk her, og i morgon skal vi ta i mot alle elevane. Då skal vi flagge og ha den oppstarten som vi opphavleg skulle ha i august, fortel rektoren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hallgeir Hamre

FERSK REKTOR: Rektor Hallgeir Hamre seier dei no er klare for oppstart i morgon på Førde ungdomsskule.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– To veker utan undervisning, korleis skal ein ta att det?

– Vi må sjå på det no utover. Vi fokuserer no på oppstarten i morgon, og satsar på at elevane møter motiverte, og det er i alle fall lærarane. Så får vi etter kvart sjå kva som er konsekvensane av streiken, men vårt utgangspunkt er at konsekvensane for elevane skal bli så små som mogleg, seier Hamre.

Rektoren fortel at det har vore veldig tosidig å vere i streik. På den eine sida har det vore ein kamp for ei viktig sak for lærarane, og på den andre sida kunne dei helst tenkte seg å vore på skulane med elevane.

– På den eine sida har ein følt at ein har kjempa for ei viktig sak, men samstundes lengta tilbake til elevar og klasserom. Vi gler oss veldig til å få elevane tilbake, seier Hamre.

Sunniva Skrede og Malene Kjøsnes

GLER SEG: Sunniva Skrede og Malene Kjøsnes tykkjer det er bra streiken er over og at skulen snart er tilbake i normal drift.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Var lei av streiken

– Det blir herleg at lærarane no kjem tilbake, for no er eg lei av streiken eigentleg, seier Sunniva Skrede som går på Hafstad vidaregåande skule. No vil ho kome tilbake til rutinane att.

42 av dei 60 lærarane ved skulen har vore i streik. Timeplanen har difor hatt fleire hol dei siste to vekene. Lærarane her brukar tysdagen til å planleggje, men skulen skal vere i gong att på onsdagen.

– I grunn har det vore vanskeleg å finne ut kva vi skal gjere. Vi har begynt litt for meg sjølv med nokre fag, og i to fag har vi hatt lærar, men det har ikkje hjelpt på i resten av faga, seier Malene Kjøsnes, som også er elev på Hafstad.

Både Kjøsnes og Skrede tykkjer det no er herleg at streiken er over. Dei har allereie begynt litt på eiga hand fordi dei har vore redde for å ligge langt bak.

– Vi visste ikkje kor lenge streiken kunne vare, så vi har begynt litt sjølv. Utruleg nok så sakna vi lærarane våre. Så det blir godt å få dei tilbake og begynne skikkeleg, seier Kjøsnes.

Dei to jentene har fått med seg at det har gått lærarane sin veg og er glad på deira vegner.

Hovudtrekka i løysinga er:

  • Det må vera semje mellom partane på kvar enkelt skule for at det skal kunne innførast lokale arbeidstidsordningar.
  • Dersom partane på ein skule ikkje blir samde om auka arbeidstid, er ei tvisteløysing med mekling i kommune eller fylkeskommune neste steg.
  • Blir ein heller ikkje samde der, så er det dagens ordning som gjeld.
  • Den gamle avtalen blir ståande i inneverande skuleår. Den nye framforhandla avtalen gjeld frå 01. august neste år dersom lærarane fell ned på eit ja i uravrøystinga.
  • Det blir sett ned eit partssamansett utval som skal sjå på ei reform og nye ordningar på dette området i løpet av denne tariffperioden.
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser