Hopp til innhold

Lærar meld for mobbing


Ein lærar i Indre Sogn er meld for mobbing og trakassering, og politiet har alt starta etterforsking. – At ein kommunalt tilsett er meld til politiet er alvorleg, seier kommunalsjefen i den aktuelle kommunen til Sogn Avis. Kommunen har gjort tiltak og ventar på resultatet av politiet sitt arbeid.