Hopp til innhold

Lærar fekk sparken etter å ha truga rektor

Ein lærar ved ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vart opplevd som så truande at politiet gav han besøksforbod både overfor både rektor og skulen. Det vart og sett i verk tryggingstiltak ved den aktuelle skulen.

Sogn og Fjordane tingrett

GJEKK TIL SAK: Læraren saksøkte Sogn og Fjordane fylkeskommune for å få jobben tilbake.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dette resulterte i at læraren fekk sparken. Vedkomande nekta å godta dette, og saksøkte Sogn og Fjordane fylkeskommune med krav om å få jobben tilbake. No har retten konkludert med at arbeidsgjevaren hadde rett til å avslutte arbeidsforholdet.

Truga med helvete

Etter fleire klager frå både elevar, foreldre og kollegaer toppa konflikten seg i februar i år. Dagen før avgjerda om å suspendere og seie opp læraren vart teken, sende vedkomande 11 tekstmeldingar til rektor i løpet av same ettermiddagen.

I den eine meldinga ber han rektor svare på om han vil avsette han. Nokre minuttar seinare sende han ei ny tekstmelding der han mellom anna gav tydeleg uttrykk for at «Ingen bestemmer over meg. Eg vil aldri gje meg, det er umulig å ta meg utan sjølv å gå til helvete».

Fråteken våpen

Rektor oppfatta dette som eit trugsmål og tok kontakt med arbeidsgjevaren, fylkeskommunen, dagen etter. Politiet vart då kopla inn. Dei vurderte trusselnivået til fire på ein skala frå ein til fem, basert på tidlegare erfaringar med læraren. Han skal tidlegare ha oppført seg trugande overfor andre personar. Samstundes var det alt gjort vedtak om å ta frå han våpen.

Det vart difor sett i verk tryggingstiltak ved den aktuelle skulen, og læraren fekk besøksforbod overfor både rektor og skulen.

– Var ikkje trugsmål

I retten hevda læraren at innhaldet i tekstmeldingane og klagene ikkje var av ein slik art at det gav grunnlag for å gi han sparken. Men retten festar ikkje lit til forklaringa til vedkomande. Dei meiner fylkeskommunen også kan dokumentere at vedkomande fleire gonger har oppført seg uakseptabelt overfor både elevar, lærarar og foreldre.

I tillegg er det fleire klager på manglande oppfølging av elevar i praksis, manglande karakterføring og oppfølging av helseforhold og arbeidsplanar.

Kalla elevar for «dritungar»

Vedkomande vert også skulda for å grov ordbruk overfor både elevar, foreldre og kollegaer. Mellom anna skal han ha kalla elevar for «dritungar» og brukt uttrykk som «hold kjeft». Overfor foreldre har han og sett fram skuldingar om at dei er for overbeskyttande.

Advokaten til læraren ønskjer ikkje å kommetere saka. Overfor NRK vil han heller ikkje seie noko om kor vidt saka vert anka.