Lær deg skiteknikk med NRK

Alpint, telemark eller langrenn? Skal du ut på ski i påska, kan du få nyttige tips her.

Bjørn Sandsmark, Asgeir Årdal og Even Hole

BLI BETRE PÅ SKI: Bjørn Sandsmark, Asgeir Årdal og Even Hole gir det gode råd og triks.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjå korleis du kan forbetre teknikken din i langrenn. Tidlegare verdscupløpar Asgeir Årdal viser deg sine beste triks!

Sjå videoane i saka og du kan lære deg både klassisk og skøyting.

Alpint

Hole var ein av dei beste norske alpinistane på 1980-talet og seinare landslagstrenar for det norske damelandslaget i alpint. No viser han deg nokre triks som gjer deg flinkare i skibakken.

Telemark

Det er også mange som svergar til telemarkskøyring. Bjørn Sandsmark viser deg korleis telemarkssvingane kan gå som ein leik.

Sandsmark har hatt fleire telemarkskurs, og veit kva folk slit med å få til. Han meiner det er lettast å lære damene triksa sine. Karane har problem med at dei ikkje kan ploge. Dei får berre større og større fart og klarer ikkje å stoppe. Sjå videoane og du kan bli mykje flinkare.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.