NRK Meny
Normal

Ladeproblema kan få ei løysing

Det kan endeleg bli ei løysing på ladproblema på batteriferja på Lavik - Oppedal.

Ampere er på plass i Lavik

LØYSING: Norled håpar å få på plass betre lade-prosedyrar slik at ferja blir raskare lada.

Foto: NRK-tipsar

Fram til no har batteriferja «Ampere» måtte stå over avgangar fordi ferja må ladast. Selskapet Norled har slite med å få ladinga til å fungere som den skal.

No skriv bt.no at ladeproblema kan bli historie.

Må få raskare lading

Leverandøren av ladestasjonen er på staden seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker. Han seier at nye prosedyrar for korleis dei ladar skal løyse problemet.

– Ladinga er sett opp slik at den starter med liten effekt og skrur gradvis opp til full styrke. Vi må fortare opp i makseffekt, seier Utåker til bt.no.

Utåker utelukkar ikkje at det vil bli ekstra forseinkingar og kansellerte avgangar onsdag.

Ferja skulle ha vore i drift på sambandet frå 1. januar, men etter at «Ampere» vart foreseinka ut frå verftet, kom ferja først i drift i midten av februar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast