NRK Meny
Normal

Lada opp til VM med å vinne Førde Opp

FØRDE (NRK): Torstein Tengsareid skal representere Norge i VM om to veker. I sitt siste løp i oppkøyringa klinka han til med å vinne Førde Opp, men rekorden greidde han ikkje å slå.

Førde Opp 2016

Medan vêrgudane i går serverte sunnfjordingane med regnvêr i bøtter og spann, var dei i eit litt anna humør i dag. Før startskotet for konkurranseklassen i Førde Opp gjekk 12.45 kikka til og med sola fram, men det vart eit vått og grått løp for deltakarane.

Kledd i knallgult kom Torstein Tengsareid frå Egersund først til toppen.

– Det gjekk forholdsvis greitt i starten, men så fekk eg det litt på slutten, seier han til NRK.no like etter målgang.

Vinnar Førde Opp 2016 -Torstein Tengsareid

FØRSTEMANN TIL TOPPEN: Torstein Tengsareid sprang til toppen av Hafstadfjellet i Førde fortast av alle under motbakkeløpet i dag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

49 sekund bak rekorden

Tengsareid har dei siste åra etablert seg som ein av dei sterkaste motbakkeløparane, og vart for kort tid sidan teken ut til VM i motbakkeløp i Bulgaria om knappe to veker.

– Eg har vore i veldig bra form dei siste to-tre vekene, men så vart eg skikkeleg forkjølt på tysdag. Difor har eg ikkje fått gjort akkurat som eg ville inn mot helga. Men kanskje hadde eg difor litt meir overskot, seier han.

Johan Bugge (Eidsvåg IL) knuste i fjor løyperekorden med to minutt, då sprang han inn til tida 25,06. Denne tida greidde ikkje Tengsareid å tukte. Han sprang i mål til tida 25,55.

Fjorårets vinnar, Bugge, vart nummer to i herreklassen, i år med tida 26,19. Sindre Hoff frå Viksdalen vart nummer tre, med tida 29,32.

Vinnar av kvinneklassen i Førde Opp 2016 - Annie Bersagel

NY REKORD: Vinnar av dameklassen, Annie Bersagel.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ny rekord i dameklassen

Øyvind Heiberg Sundby hadde løyperekorden på Førde opp fram til i fjor sommar. I år kunne han ikkje delta, men kona hans, Annie Bersagel (Tjalve) var klar til å forsvare familien si ære.

– Øyvind har åtvara meg om at dette var ei veldig, veldig bratt løype. Han sa eg ikkje var klar over kor bratt det, var seier ho etter målgang.

Med tida 30,18 sikra ho seg ny løyperekord for damer.

– Eg er nøgd. Eg hadde eit lite håp om å komme under 30 minutt, men det får eg ha til gode.

Ho har sprunge mange motbakkeløp rundt om på Vestlandet, men skildrar løypa i Førde som spesiell.

– Den er spesielt bratt, men ikkje veldig teknisk, så det er annleis å springe her. Med tanke på stigningsprosent er det nok mykje høgare enn noko anna eg har gjort.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.