Hopp til innhold

Labert sal før Lerche-konsert

Komande onsdag startar Sondre Lerche sin nye turné i Førde. Det ser ikkje ut til at det blir trengsel om plassen på Akutten, der konserten skal vera, for på fredag var det seld stusslege åtte billettar.

Ole Kristian Førsund

HÅPTE PÅ FLEIRE: Ole Kristian Førsund, nestleiar i studentsamfunnet i Førde, hadde håpar på fleire førehandsselde billettar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er alt for gale. Det er eit stort namn og når me booka denne konserten so rekna me med at det kom til å bli utseld, seier Ole Kristian Førsund, nestleiar i Studentsamfunnet i Førde.

Sondre Lerche opnar den nye turneen sin i Førde førstkomande onsdag. Spelemannsprisvinnaren må truleg bu seg på at det blir ein noko intim konsert.

Fredag føremiddag var nemleg det seld åtte billettar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sondre Lerche - Bootlegs

BOOTLEGS: Er det nye albumet til Lerche.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Litt skummelt for dei lokale?

– Eg lurer på om dei lokale vegrar seg litt for å koma på eit arrangement av studentmiljøet, og kanskje folk føler Akutten (studentutestaden i Førde) er litt langt vekke frå sentrum. Men på den andre sida so er dette eit so stort namn at det burde trekkje folk uansett, seier Førsund.

Vidare går Lerche sin turné til Sogndal på torsdag. Meieriet kunne laurdag ikkje opplysa om kor mange billettar dei har seld, men konsertscena i Sogndal er veletablert som ei populær scene. Det er ganske vanleg at svartebørsmarknaden er stor, blant anna på Facebook, inn mot konsertane i saftbygda.

– Meieriet og Sogndal er kanskje meir etablert som konsertscene, og mange lokale går der. Der er liksom ikkje noko skummelt og nytt, slik som det kanskje er her i Førde, seier Førsund.

Blir konsert uansett

– Det er ikkje aktuelt å avlysa konserten, men det spelar jo ei rolle for kva me tenkjer framover om andre konsertar med slike store namn. Det er veldig lite lønsamt for oss.

Ole Kristian Førsund

SKUFFA: Ole Kristian Førsund, nestleiar i studentsamfunnet i Førde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men sjølv om dei lokale sviktar, er det likevel mange nok studentar til at ein skulle kunna fylla opp Akutten gonger fem. Men veldig mange av studentane er ute i praksis utanfor Førde, og då blir det ikkje mange att.

– Me tenkte at dei lokale ville kome, slik at me ikkje var so avhengig av studentane. Men det skjedde jo ikkje, seier Førsund med eit forsøk på eit tappert smil.

Studentsamfunnet i Førde arrangerte tidlegare i haust Superveka, der dei hadde mange konsertar fordelt på få dagar. Blant dei store namna var Datarock, Donkeyboy og Thea Hjelmeland. Men også er var det langt frå fullt hus på dei fleste konsertane.

– Dei tidlegaste kom klokka halv elleve om kvelden på nokre av konsertane. Den norske drikkekulturen gjer at folk kjem veldig seint.

Lite håp om fullt hus

– Kunne de marknadsført Lerche-konserten betre?

– Me kunne kanskje marknadsført oss betre. Me har prøvd, men føler me ikkje har kome heilt gjennom til alle. Me er også eit lite studentsamfunn med stram økonomi, so store annonsar i avisene har me ikkje råd til.

– Kor mange trur du kjem på onsdag?

– Eg trur det kjem rundt 30 personar, men eg håpar på fullt hus.