Hopp til innhold

Laber interesse for storarrangement

Kommunane i fylket viser liten interesse for Tall Ships Races som går av stabelen i Måløy neste sommar.

Cutty Sark
Foto: HO / Reuters

Alle kommunar i fylket var invitert for å vise seg fram under den verdskjende seglregattaen 1. -4. august neste år. Kun Vik og Selje har meldt si interesse.

Skuffa

Arrangør Helge Hjelle er skuffa over kor lite interesse det har vore så langt.

- Responsen har vore veldig liten. Det er synd, for det er ei klar målsetting å trekke heile fylket. Det verkar som om vår lokale nærhet ikkje har oppfatta kor enormt dette arrangementet faktisk er, seier Hjelle.

No håpar fylkesordførar, Nils R. Sandal, at kommunane hiv seg rundt og melder seg på.

- Eg håpar det blir fleire før fristen går ut. Vi har så mange flotte kulturkommunar i dette fylket. Her får dei ein unik moglegheit til å vise seg fram for eit veldig stort publikum, både internt i fylke og alle dei gjestene som kjem utanfrå fylket og frå andre land, seier Sandal.

- Ein glipp

Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, trur det er ein glipp at Eid ikkje har meldt inn noko kulturinnslag til arrangementet.

- Eid kommune vil vere med på dette. Eg vil tru dette er ein formalitet, at vi rett og slett ikkje har fått tid til å melde på det vi vil bidra med. Det er klart at kulturkommunen Eid vil bidra og vise fram kulturmangfaldet vi har i Eid under Tall Ships Races.