NRK Meny
Normal

Kald «kongeelv» gir laber fiskestart

Med laksefisket fekk ei pangopning i fjor, har det vore langt mellom jubelscenene langs elvebreidda i Lærdal. – Kald elv gir liten fart i fisken, seier leiar Lasse Sælthun i elveeigarlaget.

Laksefiske i Lærdalselvi

LABERT: Laksefisket i Lærdalselvi har ikkje vore det heilt store dei første to døgna. I fjor vart det landa 20 laks allereie første døgnet. I år er det same talet sju.

Foto: Jan Christian Jerving

Det var landa mellom 30 og 40 laks i Lærdalselvi på denne tida i fjor. Torsdag kveld var det rapportert inn ti landa laks på dei to døgna elva har vore open for fiske.

– Vi må nok seie at det har vore ein litt forsiktig start. Det er for så vidt fangstar heilt til Bjørkum, så det er bra fordeling. Men det er vesentleg mindre enn dei første dagane i fjor, seier leiar i elveeigarlaget, Lasse Sælthun.

– Fin storleik

Lasse Sælthun, leiar i elveeigarlaget i Lærdal

VENTAR: Lasse Sælthun har ikkje sjølv starta fisket. – Eg har rettar så langt oppe i elva at der er ikkje fisken komen no, men om eit par veker har eg planar om å ta fram fiskestonga, seier han.

Foto: Picasa

Sju av laksane vart landa det første døgnet. Den største på 13 kilo, ved Bjørkum kring 20 kilometer oppe i den kring 80 kilometer lange elva. Elles er fangstane spreidde nedover elva mot fjorden.

– Det er fanga mykje mellomlaks, så det er fin storleik på laksen, seier Sælthun og meiner fire-fem varmegrader i elva er årsak til den labre starten. Då er det lite fart i fisken.

– Årsakene kan vere samansette, men det er ikkje ideelt for verken oppgang eller bitelysta at elva er kald. Den bit betre når elva er varmare, seier han.

Laksefiskar i Lærdalselvi

HELDIG: Det er ikkje alle laksefiskarar som har vore like heldige som denne karen i Lærdalselvi.

Foto: Jan Christian Jerving

Mange har mista

Elva var frå 1996 til 2013 infisert av lakseparasitten Gyrodactylus . I 2013 vart det landa 900 laks, som svarar til ein normalsesong . I fjor vart det fiska 978 laks, der halvparten var over sju kilo . Den største på kring 27 kilo.

Elva er kjend som ei av dei beste sportsfiskarelvane i landet. Mellom anna Kong Harald, som gav elva namnet «Dronninga av lakseelvane», har ofte fiska i elva.

Lærdalselvi ved Bjørkum

BJØRKUM: Sesongens førebels største laks i Lærdalselvi vart landa ved Bjørkum.

Foto: Jan Christian Jerving

Sælthun meiner det er for tidleg å felle noko dom over laksefisket.

– Elva er grumsete, og hoppelysta til laksen er ikkje særskilt bra når det er kaldt. Så det er vanskeleg å seie kor mykje fisk som er i elva. Men eg veit at det er mista fleire laks i elva, seier han.

– Det er berre vêrgudane og innsiget som avgjer når dette snur. Eg kan ikkje våge anna enn å håpe og tru at det tek seg litt opp, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.