Hopp til innhold

Laber 1. mai markering i Årdal

Ikkje ein gong 1. mai-komiteen møtte då flagget skulle heisast framfor rådhuset på Årdalstangen 1. mai.

Labert oppmøte på 1. mai i Årdal

GLISSENT I REKKENE: Berre tre personar i tillegg til korpset møtte til flaggheising på 1. mai på Årdalstangen.

Foto: Privat

– I tillegg til korpset så var det berre tre som var der for å heise flagget, seier Wenche Hals Kulset, som er styreleiar i Årdalstangen Musikklag

I eit ope brev til 1. mai komiteen på nettstaden Porten.no skriv ho blant anna:

«Det er viktig å ta vare på tradisjonar, vi vert fattigare både som einskildmenneske og samfunn om vi kastar vrak på dei. Likevel skal ein ikkje halde på tradisjonar for ein kvar pris; dei kan både vere ein hemsko til fornying og ha andre negative effektar. For Årdalstangen Musikklag er dette tilfellet når vi skal gjere opp status etter 1. mai 2016.»

– Når nokon bed oss om å spele, så har vi ei forventning om at i alle fall dei er til stades. Men det skjedde ikkje, seier Hals Kulset.

Går ut over motivasjonen

Kvart år har musikklaget stilt opp på 1. mai og bidrege med musikk frå̊ flaggheis om morgonen og til siste arrangement i programmet på ettermiddagen. Men motivasjonen for å stille har blitt mindre i takt med sviktande oppmøte, og når ikkje ein gong medlemene i 1. komiteen sjølve stilte, var botnen nådd for Hals Kulset.

Wenche Hals Kulset

USIKKER PÅ OM HO VIL STILLE NESTE ÅR: Wenche Halset Kulset er styrleiar i Årdalstangen Musikklag.

Foto: Privat

– Vi lurar jo på kva som har skjedd, og reaksjonane var såpass sterke i korpset at vi fann ut at vi måtte be om eit svar frå 1. mai-komiteen.

Forstår reaksjonen

I 1. mai-komiteen har leiar Jan Bent Høyum ikkje problem med å forstå reaksjonane.

– Eg skjønar godt at dei er frustrerte når det ikkje møter opp folk, seier Høyum.

– Er det eit teikn på at 1. mai har spelt ut si rolle, når ikkje ein gong folk i industristaden Årdal møter på 1. mai-arrangement?

Jan Bent Høyum

VIL UNDERSØKE: Jan Bent Høyum er leiar for 1. mai-komiteen i Årdal.

Foto: Privat

– Vi har sett over tid at oppmøte om morgonen har gått ned. I Årdal er det slik at vi har arrangement både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Då stiller komitemedlemene vanlegvis på arrangementa der dei bur. Kva som har skjedd denne gongen veit eg ikkje, seier Høyum.

Han vil no ha eit møte med medlemmene i 1, mai-komiteen for å finne ut kva som har skjedd. I musikklaget er ikkje Hals Kulset sikker på om dei svarar ja om dei får ein ny førespurnad.

– Noko av det viktigaste eit korps kan gjere å stille på arrangement der vi blir bedne om å spele. Men å stille på flaggheis dersom ikkje ein gong arrangøren prioriterer å vere til stades, det er heilt uaktuelt, seier Hals Kulset.