Hopp til innhold

Jølstrajente siktar mot høge toppar - vil springe EM i motbakkeløp

I tre månadar har ho hatt fokus på å springe. I går gjekk halvmaraton sju minutt raskare enn før jul.

Eli Anne Dvergsdal

SATSAR UTAN BALL: Eli Anne Dvergsdal har tatt eit val – no vil ho berre springe. Det gjer ho lett og raskare enn nokon gong.

Foto: Privat

– Eg har ikkje slutta heilt å spele fotball, men det er langt mindre enn før jul, fortel 23 år gamle Eli Anne Dvergsdal frå Jølster.

Ho har vist seg som eit talent i fleire idrettar. I fotball har ho spelt både for Førde, Jølster, Kaupanger, Åsane og Sandviken.

Talent for motbakkar

I fjor markerte ho seg også som meir enn eit talent under motbakkeløp der ho kom på pallen i fleire løp og enda på andreplass i motbakkecupen. No vil ho berre springe.

– Eg vil sjå kva eg kan få til med springing. Eg synest det er kjekt. Men det var eit vanskeleg val.

Så frå å kvar kveld gå på trening saman med tjue lagvenninner, trenar ho åleine.

Eli Anne Dvergsdal

RASK, RASKARE, RASKAST?: Målet til Eli Anne Dvergsdal er EM i motbakkeløp i Portugal.

Foto: Privat

– Det er klart at det sosiale betyr noko. Men samstundes kan eg no jobbe meir målretta og mot akkurat det eg vil.

Dvergsdal har sett seg små mål. I oktober var målet å springe halvmaraton på 1.20 i 2015. Noko ho ikkje trudde skulle gå. Men i går sprang ho halvmaraton under Bergen Maratonkarusell på tida 1.20.43. Det var personleg rekord, siger, klubbrekord og løyperekord.

– No satsar eg på å bli kvalifisert til EM i motbakkeløp i Portugal i juli. Eg skal gjere mitt beste for å få det til.

Treng sponsor

No trenar ho to økter for dagen for å bli best mogeleg.

– Det går mest i springing. Men kvile er også viktig, og detaljar som kosthald og alternativ trening sjølvsagt. Det må vere litt variasjon. Så lenge det er kjekt, det er det viktigaste.

For å få variasjon blir det også ein del langrenn og litt styrketrening. Ho får tett oppfølging av trenar er Arne Risa som sjølv har sprunge EM og også trenar Marius Vedvik frå Førde.

Dvergsdal satsar også på å gjere det godt i Norgescupen i terrengløp som går ut september månad.

– Eg vil gjere det så godt som mogeleg. Eg vart nummer tre under Stolzen Opp og eg vil jo ikkje bli dårlegare, ler 23-åringen.

Ho drøymer om å vere fulltidsutøvar. Men ho manglar sponsor. Difor må i staden ha to jobbar for å få nok inntekt.

– Viss du kunne fikse meg ein sponsorar hadde det vore flott!