Hopp til innhold

La ut personnummer på Internett

Vigdis Greftegreff trudde ikkje det ho høyrde då ho fekk vite at personnummeret hennar var å finne på Bremanger kommune sine nettsider. Svikt i rutinane gjorde at kommunen la ut dokument med personnummera til minst sju personar på Internett.

Skjermibilete frå Bremanger kommune sine nettsider.

- Eg meiner det er heilt forkasteleg. Første tanken min var; bør vi sperre bankkonti og slike ting?

Vigdis Greftegreff, mannen hennar og dei to borna hadde kjøpt seg hyttetomt i Bremanger. I den samanhengen måtte dei sende kommunen eit dokument som inneheldt personnummera til alle fire familiemedlemmene. Dette har har også tre andre tomtekjøparar gjort.  

Og så har kommunen altså lagt dokumenta rett ut på nettet. 

- Eg jobbar sjølv på eit folkeregister der vi har veldig strenge reglar, medan ein i Bremanger offentleggjer personnumeret for alle og einkvar.  Det er ulovleg. Opplysningane har lege ute i to månader, og det kan skje mykje gale i løpet av den tida, seier Vigidis Greftegreff.

 Fråstolen identiteten

Seinast i førre veke fortalde NRK om ei kvinne i Sogn som vart fråstolen identiteten sin fordi nokon hadde fått tak i personnummeret hennar. Greftegreff kjenner tilsvarande historier frå sin omgangskrins.

- Eg har ein kollega som vart fråstolen identiteten sin, og eg veit kva problem han har hatt. Han kan ikkje bruke personnumeret sitt lenger. Han kan blant anna ikkje ha bankkort med sitt eige personnummer, så det er ei ganske alvorleg sak. 

- Kva seier det om kommunen sine rutinar når personnummer ligg tilgjengelege ute på Internett? 

- Det er altfor dårlege rutinar. Og i verste fall viss det skjer noko då, er kommunen økonomisk ansvarleg viss bankkontoar vert tappa for mykje pengar?

 Vedgår rutinesvikt

Rådmann i Bremanger kommune, Tor Kristian Gulhaugen, vil ikkje late seg intervjue på grunn av ei dårleg telefonlinje. Men han beklagar det som er skjedd. Han vedgår at det er svikt i rutinane, og han vil forsøke å finne ut kva som er årsaka til at personnummera vart offentleggjorde.