Hopp til innhold

La ut på E16 med 2,31 i promille og passasjer i bilen

Politiet la seg på hjul og tok beina fatt for å ta promillekøyraren. No må han 32 dagar i fengsel.

Sogn og Fjordane tingrett

ERKJENDE: Mannen i 30-åra erkjende straffskuld etter at han med høg promille køyrde bil med passasjer og stakk av frå politiet på E16.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politibetjenten gav tydeleg stoppsignal, men mannen i 30-åra forstod nok kva utslag utandingsprøven ville gi og køyrde galant forbi.

For junikvelden hadde vore vel fuktig før han sette seg i bilen. Blodprøve teken ein time etter køyreturen i Sogn, viste ein promille på 2,31.

Mannen hadde også med seg ein passasjer på køyreturen.

Då saka nyleg var oppe i Sogn og Fjordane tingrett poengterte påtalemakta at promillekøyring representerer eit alvorleg samfunnsproblem, der uskyldige tredjepersonar blir utsette for stor fare. Og ulukkesrisikoen aukar monaleg med påverknadsgraden.

Det var 60-sone på strekkja der mannen køyrde. Som del av stamvegen mellom Austlandet og Vestlandet, er E16 jamt trafikkert. Dette var moment både påtalemakta og tingretten meinte var straffeskjerpande.

Retten fann det derimot at mannen etter kvart erkjende forholdet, slik at saka kunne gå som tilståingsdom.

Mannen, som er av utanlandsk opphav, er ikkje tidlegare straffedømd i Noreg.

I tillegg til bota på 21.500 kroner, kravde politiet at mannen skal vere tre år utan førarkort. Dette meinte retten var for strengt, all den tid køyringa ikkje fekk noko skadefølgje, og reduserte tapstida med eit halvt år.