NRK Meny
Normal

La opp i fjor – no har Førde gitt han motivasjonen tilbake

FØRDE (NRK): Berre 21 år gamal la Andreas Dahl-Thorstensen opp som volleyballspelar. Etter at han i haust fekk ein telefon frå Førde-lensmannen har alt blitt snudd på hovudet.

Andreas Dahl-Thorstensen
Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har det veldig bra no, gliser den no 22 år gamle tromsøværingen.

Laurdag bidrog han sterkt då Førde sikra seg finalebillett i NM etter samanlagdsigeren over Randaberg. I ein fullsett idrettssal i Førdehuset kjente Dahl-Thorstensen på den enorme gleda av å få spele volleyball på høgt nivå.

– Dette var heilt fantastisk. Det kunne ikkje ha blitt betre, det var heilt kanon, seier den høgreiste nordlendingen.

Telefonen frå lensmannen forandra alt

I desember i fjor såg ting heilt annleis ut. Etter å ha via livet til ballsporten sia han starta på vidaregåande, var han då rett og slett lei.

– Eg hadde litt dårleg motivasjon for å spele volleyball og hadde lyst å gjere andre ting, fortel Dahl-Thorstensen og seier både kameratar og familie over tid hadde blitt nedprioritert.

Den tidlegare BK Tromsø-spelaren gav seg på mange vis på topp. I løpet av si til relativt korte karriere hadde Dahl-Thorstensen notert seg med fleire landslagskampar, og hadde vunne fem av fem gull i svensk liga med Falkenberg.

Etter å ha følgt med Førde sine volleyballherrar ei tid, kjente tromsøværingen på ein veksande glød. I haust tok han kontakt med klubben i Sunnfjord.

– Etter kvart ringde lensmannen (Førde-trenar Jan Egil Tvinde, red. anm). Så vart det prøvespel i september og no er eg her framleis, seier 22-åringen.

Andreas Dahl-Thorstensen

VIKTIG: Som oppleggar kan Andreas Dahl-Thorstensen bli ei viktig brikke for Førde i kampen om NM-gullet tidleg neste år. Her får han eit klapp på skuldra av Mathias Loftesnes under semifinalen mot Randaberg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det unge laget motiverer meg

Han seier han aldri la frå seg volleyballen mentalt, men vedgår at det har vore godt med ei pause.

No er han tilbake for fullt, villig til å satse alt.

– Førde sitt lag er heilt nytt, det er ungt og det er eit lag som byggjast over tid. Det er noko som tenner volleyballgenet i meg, eg får motivasjon av å vere del av eit så ungt lag, seier Dahl-Thorstensen.

– Heilt fantastisk

For Førde kan nykomlingen frå nord bli viktig. Dahl-Thorstensen er oppleggar og i semifinalen mot Randaberg spelte han vel halve kampen. Torstein Husø starta som oppleggar, medan Dahl-Thorstensen avslutta kampen.

Semifinalen gjekk over to kampar, og etter fem spelte sett i går stod det uavgjort. Kampen vart dermed avgjort i eit såkalla golden set, der det blir spelt til første laget når 15 poeng.

Dahl-Thorstensen seier kampen minna han om den svenske meisterskapsfinalen han spelte med Falkenberg.

– Etter å ha opplevd noko slikt før, går ein å leitar etter den kjensla. Når vi no fekk ein kamp som var så lik ein cupfinale var det heilt fantastisk, avsluttar 22-åringen.

Andreas Dahl-Thorstensen

MOTIVERT: Andreas Dahl-Thorstensen er godt nøgd med situasjonen sin i Førde. Han fortel om full jobb på dagtid og fullt opp med volleyball på fritida. – Eg har det veldig bra.

Foto: Rune Fossum / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast