La opp etter EM i 2009 - no er han klar for sitt femte EM

Alexander Kirketeig (36) la opp som styrkeløftar etter EM-fadesen i 2009. Seks år etter er han blitt eldre, smartare og ikkje minst sterkare. Ifølgje han sjølv. Og klar for eit nytt EM.

Alexander Kirketeig

GLAD: – Det er jo dette eg har jobba mot i eitt år, seier Alexander Kirketeig som denne veka vart teken ut til EM i styrkeløft.

Foto: Stian Jensen
Oddleif Løseth
Journalist

Denne veka vart det klart. Alexander Kirketeig, no busett på Askøy, er klar for sitt femte EM.

Seks år etter at han la opp grunna ryggproblem.

Alexander Kirketeig sin Facebook-profil etter uttaket

FÅR SELSKAP: Like etter uttaket vart offentleggjort uttrykte Kirketeig stor glede på Facebook over å sjå ein av hans eigne disiplar, Kine Blu, slå følgje til VM. – Eg gler meg nesten meir over andre utøvarar sine prestasjonar enn mine eigne, seier han.

Foto: Skjermdump

– EM 2009 vart ein nedtur deluxe. Då bestemte eg meg: Dette gidd eg ikkje meir. Kroppen skranta og meisterskapen vart spikaren i kista, humrar førdianaren.

Gull i comebacket

Rett skal vere rett. Etter fire års pause hadde han pussa støv av vektstonga og stilte på NM. Det gav han Noregsmeisterskap og ei forbetring av norgesrekorden med ti kilo til 845 .

I år har han løfta 867,5 kilo. Persane er 340,5 kilo i favorittøvinga knebøy, 250 kilo i benkpress og 285 kilo i markløft.

Det var difor ikkje overraskande at EM-kravet, to gonger 855 kilo, gjekk greitt like før jul. Heilt sikker på EM-uttaket var 36-åringen likevel ikkje.

– Mange klarte kravet, men berre åtte kunne reise – og inntil to utøvarar i kvar vektklasse, seier han.

– Er blitt smartare

Kirketeig meiner han ikkje er veldig mykje sterkare enn i 2009. Men kroppen fungerer betre. Og han er flinkare til å setje saman løfta.

Alexander Kirketeig

MÅL: Etter EM-nedturen i 2009 skal ikkje Alexander Kirketeig skuldast for å ha hårete mål før EM-comebacket. – Det er å forbetre meg, ler han.

Foto: Stian Jensen

– Du har klart å få kroppen i gang att. Korleis?

– Ein skade vil gro før eller seinare, og prolapsane grodde etter tre år utan tungtrening. Og så er eg utvilsamt blitt ein smartare løftar og kjenner kroppen betre. Er det vondt og tungt å trene, så tek eg det med ro. Eg veit at det ikkje er den treninga eller den veka alt står og fell på.

Håpar på medalje

Kirketeig starta si aktive karriere i 1994 og har til saman delteke på over 25 ulike internasjonale meisterskap for junior og senior. Han har medaljar frå EM, fem norske meisterskap og sjølvsagt norske rekordar.

Han håpar på medalje når EM går av stabelen 6. til 9. mai i Tyskland.

– Eg må nok over 350 kilo i knebøy og 255–260 kilo i benkpress. Samanlagt er vanskeleg å seie. I fjor var sølvet på 855 kilo, seier han og legg til:

– På lengre sikt er 900 kilo det logiske målet, held Kirketeig fram.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.