NRK Meny
Normal

La ned varslingssystem for kraftlinjer – kan bli lenge før erstatning er på plass

For vel ti år sidan vart det sett i gang testing av eit varslingssystem som skulle hindre at fly eller helikopter skulle kollidere med kraftlinjer. Det var store forventningar til systemet, men no er det lagt ned. Det fungerte ikkje som det skulle.

Fjordspenn frå helikopter

KAN VERE TIL FARE: Mange pilotar opplever at fjordspenn og kraftlinjer kan vere vanskelege å sjå. Her frå fjordspenn over Sognefjorden.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Inntil vidare har store kraftspenn som det over Fjærlandsfjorden berre visuell merking, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

– Då vi installerte systemet over Fjærlandsfjorden, beheldt vi den tradisjonelle merkinga som malte fjordspennmaster og flymarkørar på sjølve fjordspennet. Difor er det spennet merka i forhold til dei krava som Luftfartstilsynet stiller.

– Då snakkar vi om visuell merking?

– Det stemmer, seier ho.

Hadde stor tru på systemet

I 2003 var helikopterselskapet Airlift med på testflygingar på systemet på spennet over Fjærlandsfjorden. Dåverande flygesjef Viggo Eriksen hadde tru på at det ville revolusjonere flytrafikken. I dag må flygesjef Alf Tørrisplass slå fast at det ikkje skjedde.

– Det var ikkje alltid det fungerte. Det har vel vore tendensar til at desse varsla er trigga sjølv om du ikkje er på veg mot spennet. Vi var ikkje nøgde med systemet slik det fungerte.

Måtte vrake systemet

OCAS-systemet vart installert på i alt 32 lufthinder i Norge. Men i september 2013 kasta OCAS korta. Systemet deira var rett og slett ikkje påliteleg. Mellom anna var det eit uhell i 2010 i Troms, der eit småfly kolliderte med ei taubane som hadde dette varslingssystemet. I mai i fjor vraka Statnett systemet, seier Martha Hagerup Nilson.

– Statnett såg seg nøydd til å gjere det fordi systemet ikkje fungerte slik det skulle, og det blei ikkje reparert, seier ho.

Alle luftfartshinder må registrerast på digitale kart. Det er kravet frå pilotane i Norsk luftambulanse som fryktar fleire ulukker.

KREV BETRE MERKING: Norsk Luftambulanse vil ha betre merking av luftfartshinder. FOTO: Stubhaug/Skafjeld/Barø.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.