NRK Meny
Normal

La ned operasjonsteam måndag

Helse Førde la måndag ned eit operasjonsteam ved Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

Nordfjord sjukehus.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Då vart nedleggingsvedtaket frå i vår sett ut i livet. Dette trass i at det i løpet av juli var over 700 ventelistebrot i Helse Førde.

– Frustrasjonen er sterk, seier Hildegunn Espe, sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus.

Reaksjonane har vore sterke ved Nordfjord sjukehus etter at det var klart at Helse Førde hadde bestemt seg for å leggje ned eit av dei to ortopediske operasjonsteama.

Frå måndag av er Helse Førde bemanna med eitt operasjonsteam, noko Espe meiner vil gå sterkt ut over pasientane.

– Det blir mykje lengre ventetid. Og dei pasientane som ønskjer å bli opererte i Nordfjord - dei må til Førde, seier Epse.

Direktør Tore Dvergsdal ved kirurgisk klinikk i Helse Førde avviser at nedlegging av operasjonsteamet på Nordfjordeid fører til fleire ventelistebrot.

Han viser til at innleige av vikarar er veldig kostbart og at det eine operasjonstemaet har vore prega av låg kapasitetsutnytting.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.