Hopp til innhold

La kvinne i belte utan løyve

Pasient klagar til Helsetilsynet etter omfattande beltelegging på Tronvik - trass i at den psykiatriske institusjonen ikkje hadde løyve til å gjere det.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik

LA KVINNE I BELTE: Den psykiatriske klinikken på Tronvik får kritikk frå ei kvinne, som vart lagd i belte utan at institusjonen hadde løyve til det.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ei ung kvinne vart i fleire år jamleg bunden fast med belter på Helse Førde sin psykiatriske klinikk på Tronvik.

Beltelegginga skjedde trass i at klinikken ikkje hadde løyve til å behandle pasientar slik. No klagar kvinna til Helsetilsynet:

Mens eg har vore på Tronvik har det vore brukt ein del mekaniske tvangsmiddel. Sidan vi kun har hatt éin lege på post fire ein gong i veka, blir vedtak på mekaniske tvangsmiddel gjort over telefon med lege i Førde. Eg stiller meg undrande til at eg vert lagt i mekaniske tvangsmiddel over lengre periodar, utan at eg har hatt legetilsyn.

Låg i belte 14 timar i strekk

Kvinna i 20-åra tek i brevet eit oppgjer med med det ho meiner er omfattande bruk av såkalla mekaniske tvangsmiddel - det vil seie at psykiatriske pasientar blir bundne fast med belter for å unngå at dei skadar seg sjølve eller andre.

Kvinna har vore pasient ved Helse Førde sin psykiatriske klinikk på Tronvik sidan 2006. Ho fortel om omfattande bruk av slike tvangsmiddel, trass i at avdelinga ho har vore på ikkje har hatt løyve til å bruke slike sidan november 2006.

Så seint som sist haust fortel ho om ein tremånaders periode der ho vart lagt i belter svært ofte, gjerne i 12-14 timar i strekk.

Brukte retten til naudverge

Avdelingssjef Svein Ove Alisøy ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde stadfestar at dei ikkje hatt løyve til å bruka mekaniske tvangsmiddel.

- Vi har ikkje hatt løyve sidan 2006, seier han.

- Kvifor skjedde det då likevel?

- Det skjer når det er naudrett, altså når pasienten er til fare for seg sjølv og andre, seier Alisøy.

Fylkesmannen har vore kritisk

Fylkesmannen sin kontrollkommisjon kritiserte i 2008 Helse Førde, psykiatrisk klinikk og Tronvik for måten paragrafen om tvangsmiddel vart handheva på overfor kvinna i 20-åra.

Det gjeld både viktige formalitetar rundt vedtaka om å leggja ho i belte, manglande protokollføring og organiseringa av klinikken som gjorde at det svært sjeldan var ein legar til stades som var kvalifiserte til å ta ei slik avgjerd.

Overfører til post 1 i Førde

Kvinna har no klaga tvangsbruken inn for Helsetilsynet, og så lenge den er til behandling vil Alisøy ikkje kommentere sjølve saka. Men han seier situasjonen har endra seg på Tronvik.

- Vi har fått betre legedekning, og vi har no sendt søknad om bruk av tvangsmidlar på post fire, seier Alisøy.

- Pasientar som no ligg på post 4, og som har bruk for beltelegging, blir overført til post 1 i Førde - der vi har lov til å bruke tvangsmiddel, legg han til.