Hopp til innhold

La ikkje merke til noko unormalt ved ulukkesstaden

Ordførar Stein Robert Osdal (KrF) køyrde både torsdag og fredag forbi Røyrneset der ein bil med to omkomne vart funnen fredag kveld. – Det er frykteleg å tenkje på at ulukkesbilen samstundes har ligge i fjorden, seier han.

Dødsulukke ved Røyrvikneset i Selje

RØYRNESET: Tips frå publikum gjorde at politiet konsentrerte søket etter dei sakna ungdomane like sør for Runderheim i Selje kommune.

Foto: Redningsselskapet

Det var fredag kveld at ein bil med to omkomne personar vart funnen på ni meters djupne i fjorden ved fylkesveg 618 mellom Selje og Vågsøy.

Dei to personane er laurdag morgon ikkje formelt identifiserte, men politiet reknar det som truleg at det er tale om eit kjærastepar frå Flora som har vore sakna sidan onsdag.

– Det er heilt uverkeleg. Våre tankar går til dei pårørande og klassemiljøet, seier ordførar Stein Robert Osdal.

– Såg ingenting

Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje.

UVERKELEG: Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) har fleire gonger køyrt forbi ulukkesstaden, truleg medan bilen med to omkomne låg i fjorden.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ordføraren bur sjølv på Flatraket og køyrer dagleg forbi ulukkesstaden til og frå jobb i Selje. Det gjorde han også torsdag og fredag utan å sjå teikn til at det kunne ha skjedd ei alvorleg ulukke ved Røyrneset.

I natt starta ulukkesgruppa til Statens vegvesen sine undersøkingar på staden. Arbeidet vart teke opp att laurdag morgon.

– Du blir mållaus. Det er forferdeleg å tenkje på at bilen har kan ha ligge der når ein køyrde forbi, seier Osdal.

To personar er stadfesta omkomne etter ei utforkøyring ved Røyrvikneset i Selje.

SJÅ VIDEO: Her blir ulukkesbilen teken på land. Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt fortel om leiteaksjonen etter dei to sakna ungdomane. (FOTO/REDIGERING: INGE SKAVØYPOLL)

– Og det er klart at når ein no veit det ein veit, så tenkjer ein etter om ein har sett godt nok etter. Men samstundes hadde ein inga aning om at nokon var sakna, legg han til.

Tips frå publikum

Leiteaksjonen vart starta opp fredag kveld etter at skulen sendte uromelding til politiet. Det var pårørande som formelt melde ungdomane sakna.

Etter tips frå publikum om skrapemerker på støypekanten, konsentrerte politiet søket langs fjorden, og då spesielt ved Røyrneset.

– På staden fann vi delar frå den sakna bilen og vi fekk hjelp frå brannkorps og redningsskøyta til dykking. Bilen vart funnen på ni meters djupne, fortalde operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje første ulukka

Det er ikkje første gong det er dødsulukke på fylkesvegen mellom Selje og Flatraket. Også på 1990-talet og tidleg på 2000-talet gjekk det liv tapt på fylkesvegen.

Ordførar Osdal ynskjer å vite kva konklusjonar ulukkesgruppa og politiet kjem fram til etter den siste ulukka, før han uttalar seg bastant om vegstandarden.

Han seier at kommunen har spelt inn punkt som bør utbetrast mellom Selje og Flatraket, men at ulukkesstaden ikkje er ei av desse.

– Ulukka skjedde på ei relativt rett strekke. Det er nokre svingar der, men vegen er ikkje smal, seier han.