Hopp til innhold

Samlar la ein million kroner på bordet for Astrup

Ein europeisk samlar la ein million kroner på bordet, noko som gjer «Juninatt i haven» til det nest dyraste Astrup-trykket i historia.

Juninatt i haven

DYRAST: Juninatt-eksemplaret som i førre veke gjekk under hammaren i London, er det dyraste i serien.

Foto: Sotheby's

Verket var verdsett til mellom 50.000 og 70.000 pund, men gjekk for 88.900 pund då det vart auksjonert bort i London i førre veke.

Det er over ein million norske kroner.

– Det er det nest dyraste Astrup-trykket som er selt på auksjon. Og den dyraste i serien, seier Adrian Biddell hos auksjonshuset Sotheby's.

Norsk seljar

Nikolai Astrup (1880–1928) lærte seg sjølv teknikken ved trykking. «Juninatt» vart trykt opp i fleire eksemplar. Eit anna eksemplar av «Juninatt» gjekk for kring 900.000 kroner i 2009.

Versjonen som gjekk under hammaren i London var av dei større, med sine 31,5x41,5 centimeter.

– Det var ein fin storleik på biletet og nok eit trykk frå den same treplata. Fargane var måla for hand på papiret, seier Biddell.

Astrup presenteres for verdenspublikummet

SJÅ VIDEO: Tove Haugsbø, stipendiat ved Kode museum i Bergen, trur nordmenn vil lære meir om kunsten til Astrup når han i 2016 blir presentert for eit internasjonalt publikum.

– Elskar Astrup

Seljaren av biletet var norsk.

– Kjøparen var ein europeisk samlar. Noko meir enn det kan vi ikkje seie om kjøparen. Derimot kan eg seie at underbydaren var britisk. Det var desse to som var med i bodrunden, fortel Biddell.

Det er ikkje første gong at eit Astrup-trykk passerer millionen. I 2011 gjekk trykket «St. Hansbål» for tre millionar kroner under ein kunstauksjon i Oslo.

Spent på utstilling

Sotheby's sette i 2001 rekord for eit Astrup-verk då «Soleier og regnbye» gjekk for 5,5 millionar kroner.

– Vi elskar å ha Astrup-bilete på våre auksjonar. Han er ein fantastisk kunstnar, seier Biddell som tidlegare har sagt at Astrup er internasjonalt undervurdert kunstnar.

Difor er han også spent framfor opninga av den første separate Astrup-utstillinga i London om vel eitt år.

– Det blir interessant å sjå korleis det vil slå ut for interessa i marknaden, seier han.