NRK Meny
Normal

La deg inspirere av desse tøffe borna

Drøym deg vekk til vinterkledd landskap eller bli inspirert til å finne på noko ekstra kjekt og vinterferien.

Klart eg kan - vinter
Foto: NRK

I seks sesongar har born i alderen 4–8 år kunne vise TV-sjåarar at dei får til det meste i dokumentarserien Klart eg kan på NRK Super.

I skikkeleg vinterferieånd har vi samla eit knippe av episodane som byr på artige og spennande vinteraktivitetar.

Bli inspirert og vis oss kva du kan og kva du gjer på i vinterferien. Det treng jo ikkje vere snø for å utfordre seg sjølv eller lage litt vintermoro!

Del din vinterferieaktivitet med oss ved å merke ditt bilete på Instagram med #nrksf.

Tora – lang skitur

Norsk serie om ungar som skal meistre ting og tore å gjere noko dei aldri har gjort før.
Tora skal på lang skitur. For onkel Bjørnar vil vise henne eit isslott. Isslottet ligg langt unna, og så langt har Tora aldri gått på ski før.

SKITUR OG ISSLOTT: Tora blir med onkelen sin på ein lang skitur. Han vil nemleg vise ho eit isslott.

Adrian – skøyter

Norsk serie om ungar som skal meistre ting og tore å gjere noko dei aldri har gjort før.
Adrian ser gjennom vindauget at ute har alt vatn frose til is. Han har aldri gått på skøyter før, men har veldig lyst å prøve. Det blir spennande å sjå om Adrian klarar å gå på skøytene, eller om han berre kjem til å dette og slå seg.

SKØYTER: Adrian har aldri stått på skøyter før, men har veldig lyst til å prøve.

Leah – ta skiheis

Norsk dokumentarserie. 
Leah likar å stå på snøbrett, og aller best likar ho å køyre saman med storebroren William. Men han er nokre år eldre og tar den store skiheisen som går heilt til toppen av fjellet. For å sleppe å stå åleine i den vesle heisen har Leah no bestemt seg for å ta den store heisen for aller første gong. Men vil ho klare det?

TA SKIHEIS: Leah likar å stå på snøbrett og vil no prøve å ta den store skiheisen heilt til toppen av fjellet.

Oda Bertine – skihopp

Norsk dokumentarserie.
Oda Bertine hoppar på ski og drøymer om å bli like god som pappa. For å bli det må ho hoppe i ein stor skibakke, men ho er redd for at ho ikkje tør å sette utfor og at ho skal slå seg.

SKIHOPP: Oda Bertine hoppar på ski. For å bli like god som pappa må ho prøve seg i stor bakke.

Johan – skøyter

Norsk dokumentarserie.
Johan likar å danse på skøyter, og han syns det er kjempekjekt når storesystera Mathilde er med. No skal han vere med i ei skøyteframsyning, men han er spent på om han klarar å stå på skøytene utan å falle.

SKØYTER: Johan dansar på skøyter. Sjå korleis det går når han skal vere med i ei skøyteframsyning.

Marta – hundekøyring

Norsk dokumentarserie.
Marta er god i hundekøyring, men ikkje så god som storebror Jan. I den neste hundekøyringskonkurransen vil ho prøve alt ho kan for å komme først i mål. Før konkurransen må Marta øve med hundane så ofte ho kan. Tenk om ho klarar å slå storebror!

HUNDEKØYRING: Bli med når Marta skal prøve å slå storebror i hundekøyringskonkurranse.

Malou – snøhole

Norsk dokumentarserie.
Malou skal på ekspedisjon i lag med mamma og veslesøster, Dina. Dei skal gå langt på ski og overnatte i snøhole på fjellet. Malou har aldri sove i snøhole før, og er redd den skal rase saman mens ho søv!

SNØHOLE: Malou går lang tur på ski og overnattar i snøhole.

Bjørn Petter – isbretur

Norsk dokumentarserie.
Bjørn Peter har aldri vore på isbre før, men no skal han og pappa på isbretur. Bjørn Peter gruar seg litt. Mest av alt er han redd han skal ramle ned i ein djup sprekk!

ISBRE: Bli med når Bjørn Petter går på isbretur for første gong.

Ruth – skifeltskyting

Norsk dokumentarserie.
Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve og øve for å klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.

SKIFELTSKYTING: Ruth må både gå fort på ski og treffe blink når ho deltek på skifeltskyting.

Ariell – skirenn

Norsk dokumentarserie.
Ariell leikar masse ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam i beina og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski. Ho har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for å prøve!

SKIRENN: Ariell brukar sitteski. Bli med når ho skal delta på renn for første gong.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.