Hopp til innhold

La bort tilbod om billegare kunstgras - to år seinare fungerer enno ikkje anlegget

Førde kommune hadde eit 1,4 millionar kroner billegare tilbod på bordet, då dei bestemte seg for leverandør av kunstgraset på Hafstad idrettspark. To år seinare får dei ikkje undervarmen til å fungere på anlegget til ni millionar.

Hafstad idrettspark i Førde

STRIDENS KJERNE: Hafstad idrettspark skulle bli fotballanlegget der barn og unge skulle spele fotball heile året. I to år har kommunen ikkje fått undervarmen til å fungere.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har nokre køyrereglar og nokre vett- og forstandreglar innanfor forvaltninga, der vi seier at når vi investerer i noko, så må vi syte for at vi får mest mogleg igjen for kvar krone. Og vi er ikkje nøydd til å ha tabbeanlegg lenger. Vi kan så mykje om anlegg i dette landet, at det ikkje er naudsynt, seier dagleg leiar Knut Kaspersen.

Han er dagleg leiar i Bresco, selskapet som for to år sidan leverte det lågaste anbodet på Hafstad idrettspark i Førde.

– Meiner du at dette er eit tabbeanlegg?

– Ja, det meiner eg. Så lenge det ikkje fungerer, så er det det.

Forstår ikkje at dei ikkje fekk oppdraget

To år etter at kunstgraset kom på plass, fungerer framleis ikkje undervarmen på Hafstad idrettspark i Førde. No har kommunen sett ein endeleg frist til januar for at den nederlandske leverandøren av varmeteknologien skal ha ordna opp.

I verste fall kan det ende med rettssak.

No viser det seg at Førde kommune i 2012 kunne ha valt ein annan og rimelegare totalleverandør av anlegget - 1,4 millionar kroner rimelegare enn tilbodet dei gjekk inn for:

Tilbodet på kunstgras med infraraud varmeteknologi frå Bresco var på 7,4 millionar. Det tilsvarande tilbodet frå Desso var på 8,8 millionar.

I tildelinga frå Førde kommune heiter det:

Tilboda frå Bresco og Desso er relativt like. Desso har gode referansar på tilsvarande arbeid. Entreprenøren skal også nytte solide underentreprenørar i arbeidet sitt.

– Det var merkeleg at vi skulle bli forkasta med grunngjeving i referanseprosjekt, som vi vitterleg hadde, samstundes som var var så mykje billegare enn tilbydaren som fekk oppdraget. Summen av dei to tinga gjorde at vi klaga, seier Kaspersen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kunstgras skulle gjera det lettare å spela fotball heile året. Men ei rekke idrettslag opplever no problem etter millioninversteringar i kunstgrasbanar. I Naustdal er idrettslaget i ferd med å gje opp, etter seks år med frustrasjon.

MANGE MED PROBLEM: Mange idrettslag og kommunar opplever problem med kvaliteten på kunstgraset. Sjå TV-saka.

Vart vurdert opp mot prosjekt andre stader

Førde kommune har i lengre tid vore i dialog med ein nederlandsk leverandør av undervarmeteknologi, ein underleverandør av aktøren som fekk oppdraget med kunstgras på Hafstad idrettspark.

Prosjektleiar Håkon Fimland vil ikkje la seg intervjue om saka. Men i ein SMS skriv han:

Denne prosessen omfattar lov om offentlege anbod. Som konkurransegrunnlag låg det til grunn eit sett med tildelingskriterie som vi skulle evaluere etter. Desso kom best ut av denne evalueringa, og difor gjekk vi i forhandlingar og inngjekk kontrakt med Desso.

Ifølgje Fimland skal pris telje 50 prosent i ei slik evaluering. Kvalitet utgjer 30 prosent, medan referansar skal utgjere 10 prosent.

– Som ein kommune på Vestlandet vil vi måtte vurdere dette prosjektet opp mot andre referanseprosjekt frå stader med liknande klimatiske omstende, heiter det i eit skriftleg svar på klagen frå Førde kommune har gitt Bresco.

Håkon Fimland

PROSJEKTLEIAR: Håkon Fimland.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Stussar på måten saka vart handtert

Dagleg leiar Knut Kaspersen i Bresco klarer ikkje å forstå at Førde kommune vraka tilbodet deira. Han meiner selskapet hans kan dokumentere gode resultat med tilsvarande anlegg, og viser til ei bane dei fekk oppdraget på i Vinje.

NRK.no har vore i kontakt med folk i Vinje kommune som stadfestar påstanden.

– Det var iallefall ikkje fleire referanseprosjekt hos tilbydaren som fekk oppdraget. Tvert imot. Og då auka jo forundringa vår, seier Kaspersen.

Han har sjølv jobba ei årrekke som sjef for park og anlegg i Molde kommune, og hevdar han ikkje kjenner seg igjen i sakshandsaminga han her har opplevd.

– Eg har aldri opplevd noko slikt gjennom alle desse åra. Vi har bygd nær 500 anlegg av ulik type, om lag 350 fotballanlegg med og utan varme, men denne saka med Førde kommune vart nokså uvanleg behandla, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hafstad idrettspark i Førde

FUNGERER IKKJE: Styringssystemet til undervarmen på kunstgraset fungerer ikkje slik det skal. I verste fall kan det bli rettssak mellom Førde kommone og den nederlandske leverandøren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Valde å ikkje klage til KOFA

Kaspersen meiner Førde kommune kunne ha unngått problema med undervarmen ved å bruke tilbodet dei gav i 2012. Han meiner også selskapet hans sit med kompetanse til å rette opp i problema med undervarmen no.

Bresco klaga avgjerda til Førde kommune, men har ikkje teke saka vidare.

– Kvifor klagar de ikkje til Klagenemnda for offentlege anskaffingar?

– Det burde vi ha gjort. Vi er ikkje veldig kranglete av oss, men vi burde ha gjort det med slike store prisskilnader. Men vi valde å ikkje å gjere det. Det har vel noko å gjere med at vi var trøytte og leie.