Hopp til innhold

Kyte vann Stoltzen Opp

Karoline Holsen Kyte frå Førde vann dameklassa i motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp i dag, då ho kom opp på toppen som einaste kvinne under ti minutt.

Karoline Holsen Kyte på toppen av Stoltzekleiven

PÅ TOPPEN: Her er Kyte på toppen av Stoltzekleiven etter løpet i dag.

Foto: privat

– Det er tøft og brutalt, men det varer jo berre knappe ti minutt, så det går eigentleg fint, seier Kyte på veg ned att trappene i Stoltzekleiven i Bergen.

Og med tida 09:44 har 24-åringen vunne nok eit motbakkeløp denne sesongen. Frå før har ho vore beste kvinne i løp som Skåla Opp og Førde Opp.

– Det har gått veldig bra denne sesongen, så det er jo kjekt. Eg har vore i god form. Det er ikkje alltid eg har forventa å vinne, men i dag var det målet. Det var eit morosamt løp, med god konkurranse. seier Kyte.

– Passar meg at det er bratt

Dei fleste som har gått trappene opp Stoltzekleiven vil seie seg einig i at det er nokre ganske bratte bakkar. Kyte meiner at det passar ho perfekt.

– Det er heilt klart ein fordel for meg å springe så bratt som det er opp her. Det er jo ikkje så mange løp som er så korte som rundt ti minutt, men at det er så bratt, er perfekt for meg.

Les også: Lokal triumf i Skåla opp

Stoltzekleiven

BRATT: Det er ganske bratt opp på Stoltzekleiven i Sandviken i Bergen.

Foto: commons

Etter at ho vann Skåla Opp var Kyte i lettare sjokk. Ho hadde ikkje trudd ho kunne klare det i det heile teke. I dag hadde ho altså ei anna innstilling.

– Det kjem jo veldig an på korleis dei andre spring, men målet var å vinne, ja. I eit sånt løp er det jo berre å gje alt ein har, så ser ein korleis det går.

Les også: Karoline Holsen Kyte vann Førde opp

Les også: Fann ut at ho var sjuk – og då losna det

Karoline Holsen Kyte, Førde opp

FRÅ FØRDE OPP: Karoline Holsen Kyte vart den beste kvinna også under Førde Opp, tidlegare i år.

Foto: Ole Johnny Devik

Løpet opp Stoltzekleiven markerer slutten på ein lang sesong med motbakkeløp, både for Kyte og dei andre løparane.

– Eg vurderer å springe NM i terrengløp om to veker, men eg er ikkje heilt sikker. Uansett er det nok oppladinga til neste sesong som vil stå i fokus no, ja.

Av andre lokale utøvarar var Eivind Øygard frå Jølster. Han var nummer åtte med tida 08:43.