NRK Meny
Normal

Vil hente 500 mill i bompengar

Med bompengar kan 45-minuttsregionen realiserast innan ti år.

Illustrasjon Kystvegen

Det syner ein ny rapport frå næringsselskapa i Flora, Vågsøy og Bremanger.

Rapporten dokumenterer for første gong at det er mulig å finansiere halvparten, eller nær 500 millionar kroner, med bompengar.

Dermed vil ein klare å oppfylle kravet om auka brukarfinansiering som fylkestinget stilte i desember 2009 for å støtte og fullfinansiere prosjektet.

I sommar varsla ordførarane i Flora, Vågsøy og Bremanger at dei vurderte å opprette eit bompengeselskap for å få fortgang i arbeidet med Kystvegen

Og spleiselag har vore diskutert i fleire år for å få fortgang på prosjektet.

Treng lokal aksept

- Alt som skal til for å realisere 45-minuttsregionen før 2020 er to ting: Lokal aksept for foreslått opplegg for brukarfinansiering, og aksept blant fylkespolitikarane for å disponere ein del av dei innsparte midlane til Kystvegen på 45-minuttsregionen, seier Eivind Hjellum, Bjørgulf Myklebust og Alfred Bjørlo i arbeidsgruppa for 45-minuttsregionen i ei pressemelding.

Resten av pengane skal kome frå ein ekstraordinær statleg regionpakke, og gjennom disponering frå pågåande veginvesteringar.

Vil kutte reisetida med ein time

Vegtiltaka det er snakk om gjeld 45-minuttsregionen som vil realisere ein samla bu- og arbeidsmarknad på 45.000 - 50.000 menneske i ytre og midtre Nordfjord og Sunnfjord.

Dei planlagde tiltaka vil kutte reisetida på kystvegen mellom Måløy og Florø med ein time, og den nye rapporten viser at dette kan skje innan 2020.

Vegopning på Bergum i Førde kommune