NRK Meny
Normal

Kystvegen jublar for E39-avgjerd

– Eit viktig steg også for Kystvegen, seier prosjektleiar Eivind Hjellum i Kystvegen AS etter at Hafast vart vald som E39-trase på Sunnmøre.

Eivind Hjellum

NØGD: Eivind Hjellum vil ikkje leggje seg opp i trasévalet for E39 gjennom Nordfjord, men konstaterer at Kystvegen i begge endar blir lagt på kysten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Måndag presenterte regjeringa sitt vedtak for framtidas E39-trasé på Sunnmøre. Valet, ferjefri kryssing av Storfjorden med bru frå Hareidlandet til Sula mot Ålesund, får også prosjektleiar Eivind Hjellum i Kystvegen AS til å applaudere.

– Det er ei god avgjerd med tanke på ein framtidig kystveg mellom Bergen og Ålesund. Det gjer det mogleg samle trafikken frå E39 og frå kystvegen, og gjer det mogleg å få krysse den store fjorden sør for Ålesund, seier han.

Har si eiga bru

Kystvegen har som mål å få gul midtstripe langs heile strekka frå Ålesund til Bergen. Dei har også lansert sine eigne planer for fjordkryssing i Ytre Nordfjord.

På Sunnmøre valde regjeringa den lengste og dyraste løysinga, gjennom industriområda i regionen. Kva trasé regjeringa går for i Nordfjord, er førebels uvisst.

– Dei ytre kommunane på Sunnmøre, har eit fantastisk industri- og teknologimiljø. Å kople dette saman med Ålesund, vil bety veldig mykje. E39 om Festøy ville blitt ein omveg, seier Hjellum.

Kyst i begge endar

Kystvegen AS har ikkje ville kaste seg inn i debatten om kvar i Nordfjord E39 skal krysse Nordfjord.

Han ynskjer heller ikkje å spekulere i kva avgjerda til regjeringa får å seie for kryssing av Nordfjorden.

– No har vi fått til ei løysing med kystnær E39 i begge endar – frå Bergen og over Nordhordlandsbrua i eine enden og inn mot Ålesund i den andre. Det som er sikkert er at det ikkje blir kystveg imellom, seier Hjellum.