Hopp til innhold

Kystmuseet forvitrar

Utbetring kostar opp mot 12 millionar kroner.

Kystmuseet i Florø
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er armeringsjernet i grunnmuren som rustar, og no må noko gjerast for å rette opp problemet.

Betongmur utanpå grunnmuren

På eit møte med Flora formannskap tysdag presenterte museumsstyrar Berit Høyvik planane for utbetring. Det er snakk om å byggje ein ny betongmur på utsida av grunnmuren til museumsbygget. Samstundes kan museet få ein kai der større båtar som "Svanhild" kan få plass.

Må få betre veg

Men den smale og kronglete vegen til Kystmuseet er eit stort problem når store anleggsbilar skal til og frå. Vegen har og vore ein flaskehals når til dømes busslaster med pensjonistar kjem på besøk. Ordførar Bente Frøyen Steindal lova at utbetring av vegen no skal inn på planane til Flora kommune.