Hopp til innhold

Kystkommunane har mista 2600 innbyggjarar på 40 år

Dei siste 40 åra har kystkommunane her i fylket har tapt 2600 innbyggarar. Om ein tek vekk veksten i Flora har nedgangen frå Gulen til Selje vore over 5000 menneske viser tal frå SSB.

kystkommunane

Men trass folketalsnedgang i mange år, tanken om at ein storkommune langs kysten skal snu utviklinga står sterkt hjå mange.

Tala er særleg dystre nord for Florø. Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte fryktar konsekvensane om ein dannar nye storkommunar, som likevel strevar med å halde folketalet oppe.

– Eg trur det er veldig viktig å leite etter vekst som kan gje optimisme, og som kan gje gode tenester til innbyggjarane, seier Flæte til NRK.

Dei unge forsvinn frå bygdene

Til samanlikning er veksten i Stor-Sunnfjord i same periode 10.000 menneske.

Regionforskar Jørgen Amdam seier ei storkommune prega av nedgang vil møte alvorlege problem..

Jørgen Amdam

REGIONEKSPERT: Jørgen Amdam

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det som pregar er jo at det er ungdomen som forsvinn. Det betyr at det i første omgang er det skule, barnehage og tilbod til dei yngre som forsvinn, peikar Amdam på.

– Trege prosessar

Oddvar Flæte er innleigd av kommunane som prosessleiar for samanslåingsprosessen i Sunnfjord, han meiner kystkommunen er i ferd med å bli eit mantra der prosessane går tregt utan at realitetane kjem på bordet.

– I dag kan kystkommune stå fram som eit mantra. Vi sit ikkje med analysane, vi sit ikkje med samtalane, seier Flæte, som meiner det då blir uråd å vite om ei slik kommune er liv laga.

Vil ha stor kystkommune

Men bystyremedlem Jakob Nødseth frå Samlingslista fryktar ikkje at ein kystkommune vil gjere Flora til senter for eit omland som slit. Han vil på sikt ha ei så stor kystkommune som råd.

– Vi har ei felles oppfatning av kva som har vore Sogn og Fjordane sitt problem, manglande satsing på kysten.