Hopp til innhold

Kystkommunane er dei største taparane

Kystkommunar som Solund, Askvoll og Gulen er dei store taparane i statsbudsjettet. Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vedgår dei ikkje heilt forstår kvifor forslaget slår så negativt ut for kystkommunane.

Hjønnevåg i Solund

TAPAR: Små kystkommunar er dei store taparane i statsbudsjettet. Her ser du Hjønnevåg i Solund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Desse kommunane kjem ikkje spesielt godt ut. Dette må vi sjå nærare på og analysere tala. Fleire kystkommunar får langt mindre enn det vi såg for oss, seier Navarsete til NRK.no.

Krevjande budsjett for kommunane

På motsatt side er Førde, Flora, Sogndal og Stryn, som er dei store vinnarane i forslaget til statsbudsjett. Det kjem fram i statsbudsjettet som vart lagt fram klokka ti.

Førde får 31 millionar kroner i vekst, medan Sogndal og Stryn får 16 millionar kroner kvar. Flora kommune får 17 millionar meir enn i fjor.

Solund på si side får berre 677 000 kroner, noko som berre er ein auke på 1,2 prosent. Landsauka har eit gjennomsnitt på fire prosent.

– Dette er eit budsjett som kommunane vil oppleve som krevjande, nettopp fordi det har vore eit høgt aktivitetsnivå i åra som er lagt bak oss, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp)

STRAMT: Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) og regjeringa har lagt fram eit stramt budsjett for kommunane.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Vil oppretthalde veksten

Det har vore ein vekst på 70 000 tilsette i kommunane sidan 2005, men i år legg regjeringa fram det strammaste budsjettet på lang tid.

– Det kjem ikkje til å bli søtmelk og enkle løysingar i kommunane. Men budsjettet vil oppretthalde den store veksten som har vore gjennom dei siste fem årene, seier Navarsete.