Dagliljene blomstrar berre ein dag. I morgon kjem det nye.
Eit lite markjordbær får representere frukta og grønsakene i hagen. Druerankene ber litt frukt, men dei grøne druene var for sure til å ete. - Det vart heller ein skvett vin, fortel Kjartan Godø.
Svarthyllnen har fått plass på grunn av den djupe fargen. Berit Steen likar å tenke i fargar, så ho leitar etter kontrastar i plantene.
Middagsblomer. Desse har Berit Steen dyrka fram av frø som ho sår tidleg om våren. Då vert atelelieret nytta som vekstrom før dei toler å komme ut.
I tilfelle nokon skulle vere i tvil?
I den frodige hagen leikar paret seg fram i form og uttrykk. Her har drivveden fått plass som statue. Ser du kva det liknar på?
Når hagen er fylt til randen har Berit Steen bygd stativ for jordbæra sine. - Alt skal vere lett å halde, vi er trass alt begynt å bli gamle.
Steinen Berit Steen har bygd mur av har dei samla rundt på øya Hovden, og den grønmåla porten har ho snikra sjøl.
Roser av ulike slag fyller hagen.
Mellom berg og stein har paret bygd hagen i trapper.
Hytta vart bygd for at paret skulle ha ein god plass å måle. No tek hagen meir av tida enn kunsten, men den og utsikta er ei evig kjelde til inspirasjon.
Atelieret og hagen går nesten i eitt, og her har Berit Steen hengt opp ei fullstendig oversikt over plantar og plassering. Ingenting er tilfeldig.
Berit Steen er biletkunstnar. Motiva hentar ho gjerne frå hagen og kysten, medan tema gjerne dukkar opp frå tankane.
Paret deler mykje av hagen sin gjennom facebook, og gler seg over å få vise den fram.
Kjartan Godø
Berit Steen