Hopp til innhold

Kyrkjevandal hevdar at dette var eit uhell

20-åringen forklarte tingretten at han fall over pipene til kyrkjeorgelet i Eid. Sunnmøre tingrett trudde ikkje på han.

Skader på Eid kyrkje

SKADAR: Delar av kyrkjeorgelet vart restaurert i England. Det var nett kome tilbake til kyrkja då sunnmøringen utførte skadeverket.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No må han i fengsel og betale nær 800.000 kroner i erstatning etter skadeverket han utførte i Eid kyrkje i november i fjor .

Kyrkjeorgelet var akkurat restaurert for 2,5 millionar kroner då sunnmøringen gjekk laus på det og elles tømde to brannsløkkingsapparat i kyrkja. Orgelet fekk skader for over ein million kroner.

Måtte totalreinse kyrkja

skadeverk i Eid kyrkje

PULVER: Mannen tømde

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Saka var nyleg opp ei Sunnmøre tingrett. Der erkjende mannen skadeverk. Han forklara at han var rusa då han knuste eit vindauge og tok seg inn i kyrkja. Orgelrommet fekk han tilgang til ved å bryte opp ei luke.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide vart møtt av eit trist syn om morgonen 24. november i fjor. Både store og små orgelpiper vart bøygde og knekte.

Kyrkja vart stengd i to veker etter skadeverket.

– I tillegg til orgelet må vi totalreinse kyrkja. Den er heilt dekt av støv frå brannsløkkingsapparate, sa han og kalkulerte skadane til over ein million kroner.

Umotivert impulshandling

Kristen Hundeide

SKADE: Kyrkjeverje Kristen Hundeide vart møtt av eit trist syn i Eid kyrkje 24. november i fjor. Det nyrestaurerte kyrkjeorgelet var gjort skade på for over ein million kroner.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sunnmøre tingrett hevda mannen at skadane på orgelpipene skuldast eit fall. Retten tvila sterkt på at fallet åleine kunne gjere så stor skade.

Han hevda også at han ikkje hugsa å ha sølt oljeliknande væske i kyrkja. Skadeverket var ei umotivert impulshandling. Mannen var rusa.

– Retten viser også til at om det ikkje hadde vore for rask og effektiv handtering, kunne skadane som følgje av pulveret lett blitt meir alvorlege, skriv dommarfullmektig Roberto Bjøringsøy.

Godtok erstatningskrav

Retten vurderte at skadeverket åleine kvalifiserte til over eitt år i fengsel. Påtalemakta la ned påstand om fengsel i eitt år, der fem månader vart utsett med prøvetid. Det vart også kravd vel 1,1 millionar kroner i erstatning for mannen som også stod tiltalt for både tjuveri, innbrot og vald og truslar. Alle forholda gjort i prøvetida for ein annan dom.

Sunnmøringen godtok ikkje kravet på vel millionen i erstatning til forsikringsselskapet. Retten var samd i at det ville vere urimeleg tyngande for ein utan jobb og inntekt.

Han godtok derimot erstatningskravet på 100.000 kroner frå fellesrådet. Sunnmøre tingrett dømde mannen til fengsel i eitt år og to månader. Sju månader av fengselsstraffa blir utsett med prøvetid på to år. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 189 dagar i varetekt.