NRK Meny
Normal

Kyrkja vil vite legninga til søkjarane til prestestillinga

Bjørgvin bispedøme ynskjer å vite kva legning søkjarar på ei stilling i Nordfjord har. Desse søknadane blir også offentleggjorde.

Ingvild Endestad

UHELDIG: Ingvild Endestad meiner slike kriteria skremmer vekk potensielle søkjarar.

Foto: Pressebilde FRI

– Dette sender eit signal om at nokre menneske er betre enn andre, seier Ingvild Endestad, leiar i FRI, foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

«Opplysingar om samlivsform vil kunna verta innhenta og vektlagde ved tilsetting.» Dette står i Bjørgvin bispedøme si utlysing av stilling som sokneprest i Nordfjord.

Søknad til prestestilling

TYDELEG: Stillingsannonsen til Bjørgvin bispedøme var tydeleg i sine kriteria.

Foto: Illustrasjon

– Då kunne ein like gjerne ha skrive at homofile ikkje vert vurdert til stillinga, seier Endestad.

Homofile er velkomne

– Truleg arbeider det mange homofile hjå oss allereie, seier biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme.

Biskop Halvor Nordhaug

VELKOMNE: Nordhaug ynskjer einslege homofile velkommen.

Foto: Presse

Nordhaug meiner det er greitt å vere homofil, så lenge ein er åleine.

– Det er ikkje noko problem å vere homofil, spørsmålet er om kyrkja ynskjer å tilsetje homofile som har partnar, seier biskopen.

– Men i utgangspunktet har bispedømerådets fleirtal meint av homofile ikkje kan vere prestar i Bjørgvin, legg han til.

Føl lova

– Om ein les arbeidsmiljølova §13 Står det tydeleg at det er lov med sakleg forskjellsbehandling av søkjarar om stillinga sitt føremål er av ein slik karakter at forskjellsbehandling er naudsynt, seier biskop Nordhaug.

– Me tykkjer det er synd at kyrkja er unnateke diskrimineringslova i denne type saker, seier Ingvild Endestad.

Dette handlar om at eit trussamfunn har rett til å ha nokre forventningar til korleis dei tilsette lev.

Biskop Halvor Nordhaug

– Eg legg merke til at arbeid med born og unge er vektlagd i stillingsutlysinga, og det er kanskje nettopp born og unge som treng å vite at alle typar kjærleik og alle typar menneske er like mykje verd, seier Endestad,

Likestillingsombodet ynskjer opprydding

– Det er ynskjeleg at kyrkja set seg ned og ryddar opp i behandlinga av søkjarar, seier Elisabeth Haugseth i Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Haugseth er redd slik ordlyd kan skremme prestar frå å søkje til slike stillingar.

Elisabeth Lier Haugseth

FRUSTRERT: Likestillingsombodet er lite nøgd med kyrkja sin praksis.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

– Korleis me vurderar homofilt samliv skal no diskuterast, svarar biskop Nordhaug.

Vegopning på Bergum i Førde kommune