Hopp til innhold

Kyrkja har mista trua på ny storkommune

Kyrkja har mista trua på nye Kinn kommune. – Det kyrkjelege arbeidet blir tungvint og vanskeleg, seier Rolf Schanke Eikum, prost i Nordfjord.

Prost Rolf Schanke Eikum

KRITISK: Frå kyrkja sin ståstad skulle Prost Rolf Schanke Eikum helst sett at Vågsøy og Flora ikkje vart slått saman.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er store avstandar frå søre delen av Flora til nordre delen av Vågsøy. Med dårlege vegar, fjordar og ferjer vil det kyrkjelege arbeidet bli vanskeleg på mange måtar, seier prost Rolf Schanke Eikum.

1. januar 2020 vil nye Kinn kommune vere ein realitet, ei løysing som dei kyrkjelege tilsette i dagens Vågsøy og Flora kommunar har mista trua på.

Kulturdepartementet pålegg kommunen å ha berre eitt kyrkjeleg fellesråd, noko som vil føre til store reiseavstandar.

I eit brev frå den kyrkjelege fellesnemnda i nye Kinn heiter det mellom anna: «Ei framtidig organisering med to kyrkjelege fellesråd vil utan tvil vere ei stor lette for den kyrkjelege drifta i den nye Kinn Kommune».

Nei frå departementet

Signalet er at det skal veldig mykje til for at Kulturdepartementet skal godkjenne to kyrkjelege fellesråd i Kinn. Eitt fellesråd for kvar kommune er malen.

– Vi må uansett ha to kyrkjekontor og det mest fornuftige vil vere å også ha to kyrkjelege fellesråd, seier Ole Christian Rynning, leiar i Kinn kyrkjelege fellesnemnd

Kva tenkjer du om at det blir ei samanslåing?

– Vi må prøve å gjere det beste ut av det. Men vi har fått altfor små økonomiske midlar til å kunne gjennomføre samanslåinga, seier han.

Det er så langt løyvd 500.000 kroner til å gjennomføre samanslåinga.

– I utgangspunktet vil dei ikkje få meir pengar. Men skulle det bli krise, må vi opne for å sjå på saka på nytt, seier Jan Henrik Nygård (V), varaordførar i Flora.

Sør-Vågsøy kirke

KYRKJE: Sør-Vågsøy kyrkje og dei andre kyrkjene i Vågsøy bør også i framtida høyre til Nordfjord prosti, meiner Nordfjord-prost Rolf Schanke Eikum.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Forstår frustrasjonen

Frå kyrkja sin ståstad skulle Schanke Eikum helst sett at Vågsøy og Flora ikkje vart slått saman.

– Nye Kinn kommune vil ha Bremanger midt mellom Flora og Vågsøy. Det heng ikkje saman. Her vil fleire timar gå vekk til reising og venting på ferjer, seier han.

For å unngå ytterlegare forviklingar tilrår Schanke Eikum at dei kyrkjelege tilsette i Vågsøy også i framtida skal høyre til Nordfjord prosti. Dei kyrkjelege tilsette i Flora bør framleis høyre til Sunnfjord prosti, meiner han.