Førde kommune vil ikkje høyre på kyrkja sitt syn på å få ein bensinstasjon som nærmaste nabo til Blomreina kyrkjegard.
- Grundig vurdering
Bjørgvin bispedømmeråd har klaga på sakshandsaminga, men klagen blir avvist av rådmannen.
Varaordførar Eva Marie Halvorsen beklagar at kyrkja ikkje har blitt høyrt, men går likevel inn for å forkaste klagen i planutvalet sitt møte i dag.
- Eg har full forståing for at dei reagerer, men samtidig har vi jo gjort våre vurderingar. Så vi har trass alt sett grundig på dei fleste sider i denne saka, seier ho.
Har klaga
Fylkesmannen skal no handsame saka.
- Det er no til slutt denne instansen som kan seie noko fornuftig om eit slikt vedtak, seier stiftsdirektør i Bjørvin bispedømmeråd, Helge Taranrød.