Hopp til innhold

Skal berge folk og fe med refleks

Eit nytt prosjekt skal prøve ut refleksmerking av husdyr. Prosjektet har som mål å trygge beitedyr som oppheld seg i nærleiken av, eller i vegbana, samt verne folk mot ulukker.

Kyr på beite i Lærdal med Stødnafossen i bakgrunnen

NÆR VEGBANA: Storfe i nærleiken av vegbana kan utgjere ein risiko for både folk og fe.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Statens vegvesen Region vest, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Moen bjøllefabrikk skal gjennom eit prosjekt prøve ut refleksmerking av sau, geit og kyr.

– Område der beiteretten eksisterte då vegane vart bygde vart verande beitemark, noko som lett kan føre til nærmøte mellom dyr og køyretøy. Det utgjere diverre ei vesentleg trafikkfare, seier prosjektleiar og fylkesagronom hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Liv Astrid Nordheim Kusslid.

Reflektert merking

Prosjektleiaren fortel at det var ei stygg møteulukke mellom ein geiteflokk og ein buss i Kjøsnesfjorden, som gjorde at prosjektet skal utprøvast.

– Det er årlege utfordringar med nestenulukke og påkøyrsle av beitedyr blant anna i Våtedalen, Sogndalsdalen og på Utvikfjellet, fortel Nordheim Kusslid.

Prosjektgruppa vil teste ut refleksmerking på sau, geit og kyr, og vil prøve ulike refleksprodukt tilpassa det enkelte dyreslaget.

– Vi vil teste ut klavar, merkeflagg og ein refleksfunksjon i øyremerke. Då kan ein ha refleksen inn i eit objekt som allereie eksisterer, seier ho.

Nordheim Kusslid peikar på at refleksane må tole slitasje, gje minst mogleg belastning for dyra og vere billege for forbrukarane.

Aktuelt for heile landet

Denne sommaren deltek til saman 39 storfe i utprøvinga. Desse er fordelt på to storfebesetningar i Våtedalen i Gloppen kommune og i Bøyadalen i Sogndal kommune. Refleksmerkinga skal også prøvast på geit og sau i 2015.

– Neste sommar skal ein geiteflokk og ein saueflokk på Utvikfjellet ta del i prosjektet, seier Nordheim Kusslid.

Ho trur refleksmerking av husdyr kan bli innført i heile landet om dei lukkast med å finne dei riktige produkta.

– Beitedyr i og ved vegbana er ikkje unikt for Sogn og Fjordane, så då kan det vere høgst aktuelt å innføre dette i heile landet. Det er det vi ser føre oss, seier prosjektleiaren.