Hopp til innhold

Kyr er også luksusdyr

Skal du byggja ny fjøs, må den no vera for lausdrift. Det er dyrt. Men det viser seg at både bønder og dyr kan tena på det i lengda.

Video Kyr er også luksusdyr

SJÅ TV-SAKA: Fleire bønder i Naustdal la om til lausdrift.

Bonde Tor Arne Herstad og hans samarbeidspartnarar i Naustdal la om til lausdrift då dei bygga nytt fjøs i 2008.

– Dersom fjøset ditt ikkje er godt nok lenger, må du anten legga ned eller gå over til lausdrift, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nye reglar

Sidan 2008 har bønder som vil bygga nye fjøs vore tvungne til å bygga lausdriftfjøs. Landbruks- og matdepartementet legg opp til at alle fjøs skal driva lausdrift innan 2034.

Grunnen til dette er for å auka trivsel for kyrne. Det auka fokuset den siste tida mot økologisk mjølke- og kjøtproduksjon har også gjort at etterspurnaden av desse varene har blitt større.

Valfrie luksusgoder

Det er opp til kvar bonde kor mykje ekstra dei har lyst å leggja inn i fjøset.

I Naustdal har dei til dømes AMS - ein robot der kyrne sjølve går inn og let seg mjølka. Den gjer at kua bestemmer når ho vil mjølkas. Det frigjer bonden frå mjølketider, og nokre kyr kan la seg mjølka fem til seks gonger om dagen.

– Kvar gong ho går inn i mjølkeroboten får ho kraftfor. Det gjer at dei vil mykje inn hit, seier Herstad.

Dei har også ei mekanisk børste hengande frå taket der kyrne kan gå og klø seg på ryggen. Tidlegare gjekk bonden rundt og klødde dyra sine.

I tillegg er kvar ku i fjøset i Naustdal utrusta med eit halsband som registrerer blodtrykket. Denne gjer at bonden lettare kan vita når ei ku er i brunst.

– Det er både fordelar og ulemper med all denne teknologien, påpeiker Herstad.

– Det vert jo dyrt om den går i stykker.

Fri kalvevekst

Ungkalv

BABYKALV: Denne kalven kom til verda for berre fem dagar sidan, og må stå aleine for øyeblikket.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Kalvane har eit eige område, der kvar kalv har eigen liggeplass.

– Det ser ut til at dei veks meir når dei har større plass, seier bonden.

Dei aller yngste får stå for seg sjølve til dei er store nok til å stå med dei andre. Det siste tilskotet i fjøset til Herstad er ein svart kalv som kom til verda på fredag.

Båskyr lir ikkje

Merete Støfring er organisasjonssjef i Bondelaget i Sogn og Fjordane. Ho meiner at det er fint at det vert fokusert på lausdrift, men at kyr på bås også har det godt i Noreg.

Merete Støfring

Merete Støfring er organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Kyr i båsfjøs får gå mykje ute på markene. Kyr har det ikkje vondt her i landet uansett kva type fjøs dei står på, seier ho.

– Eg tykkjer det er viktig å få fram at dette ikkje er den einaste rette måten å driva på, samstemmer Herstad. Han seier vidare at grunnen til at dyra hans har så mange luksusting, er at dei er fleire som slo seg saman.

– Eg hadde aldri hatt råd til å gje dyra alle desse tinga om eg var aleine. Fleire bønder saman gjer at ein har mogleik til å investera meir, seier Tor Arne Herstad.