Kjeldene i Samferdsledepartementet seier dei heller vil bruke pengar mellom anna på strekninga mellom Torvund og Teigen på E39 i Høyanger kommune.
Minst ti års utsetting
Bygginga av Kvivsvegen kan dermed bli skuvd minst ti år fram i tid. Men Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel seier han ikkje kan gjere meir før planen er klar. – Men vi vil ikkje godta det dersom dette glepp no. Dette er eit så viktig prosjekt at eg er sikker på at vi skal kjempe den kampen i mål, seier Lødemel.
Ifølgje Sunnmørsposten skal dei 200 millionane som var tenkt som startmidlar til Kvivsvegen vere sette av til andre prosjekt, mellom anna til heving av vegstandarden og bygging av ein tunnel på strekninga mellom Torvund og Teigen i Høyanger kommune.
Flaskehals
Det både gler og overraskar tankbilsjåfør Rolf Nygård, som har engasjert seg i trafikktryggleiken på denne strekninga. Han hadde gitt opp vona om at dette prosjektet skulle kome no.
– Dette er ein flaskehals. Møter ein store bilar på veg ned Torvundhovden, blir det kork, seier Nygård. Han er svært nøgd med prinsippet lekkasjane tyder på; om at ein rustar opp eksisterande vegar før ein byggjer nytt.
Departementet legg fram sitt forslag til nasjonal transportplan om ei veke, og stortinget skal ferdigbehandle planen før sommaren.