NRK Meny
Normal

Kvitta seg med automatane

Lærdal Idrettslag greier seg godt utan inntekter frå speleautomatar. Idrettslaget kvitta seg med automatane for over eitt år sidan. - Vi  har ikkje angra på avgjerda, seier leiar Arne Sanden.

Speleautomatar
Foto: Sølve Rydland / NRK

- Vi har sett at det og her i Lærdal er folk som har spelt over evne, og vi ynskjer ikkje å vere delaktige i denne galskapen lenger. Det er kort og godt det det handlar om.

 Tapet dekt av andre inntekter

Lærdal idrettslag har mist årlege inntekter på mellom 70.000 og 75.000 kroner frå speleautomatentreprenøren etter at dei sa opp avtalen for eitt og eit halvt år sidan. Tapet er dekka med å etablere nye inntektsbringande aktivitetar gjenom ymse arrangement og dugnadsarbeid.

- Det har i grunnen ikkje vore særleg problematisk.

- Bør ikkje sko seg på elende

Og sjølv om bortfallet av lettente automatkroner har ført til meirarbeid, oppmodar Arne Sanden idretts-Noreg om å gje avkall på speleautomatinntektene.

- Det er så mange som lir under spelegalskapen at korkje idretten eller andre friviljuge organisasjonar bør sko seg på andre sitt elende.

I Lærdal har kommunestyrerepresentanten Geir Berge Øverland frå Arbeidarpartiet teke initiativ til å forby speleautomatar i kommunen, og dette meiner Arne Sanden er bra.

Vegopning på Bergum i Førde kommune