NRK Meny

Kvir seg på å klage på kommunane

Folk kvir seg i større grad på å klage på helsetenester i kommunane samanlikna med på sjukehusa. Det seier Pasient og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, til Firda. Årsaka er truleg at folk fryktar konsekvensane i små samfunn der alle kjenner alle. Refsnes meiner dette kunne vore unngått om kommunane var flinkare til å handtere klager og kritiske tilbakemeldingar.