Hopp til innhold

Etterlyser fleire kvinnelege nominerte til gründerprisen

Ingen av dei nominerte til gründerprisen i fylket er kvinner. Tidlegare vinnar av prisen, Heidi Aabrekk, meiner ein må satse meir på kvinner sine idéar.

Heidi Aabrekk

VINNAR: Heidi Aabrekk er den einaste kvinna som har vunne gründerprisen i Sogn og Fjordane. Ho vann for leika Bravo. Aabrekk meiner ein må satse på meir på kvinner sine idéar.

Foto: Asgeir Heimdal Reknes/NRK

4. november blir det avgjort kven som blir kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane, men ingen av dei fem nominerte er kvinner.

Sidan 2012 har det vore 25 finalistar i kampen om gründerprisen, men berre tre av desse har vore kvinner. I 2014 vann Heidi Aabrekk prisen, som einaste kvinne i utdelinga si historie.

Ho åtvarar mot at ein einsidig hyllest av dei typiske vekstbedriftene, kan setje kvinnelege gründerar i skuggen.

– Det er mange kvinner som satsar på ein annan måte enn menn og utviklar selskap innan meir tradisjonelle verksemder som kafear og overnattingsplassar, bær og frukt, og andre viktige næringar, som kanskje ikkje har det spesielt innovative preget over seg, seier ho.

– Har ikkje leita etter kvinner

Trond Teigene sparebanken sogn og fjordane

JURYMEDLEM: Trond Teigene innser at for få kvinner er blitt nominert til gründerpisen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frå næringshagen på Sandane driv Aabrekk selskapet Intempo saman med to andre tilsette. I 2014 vann ho gründerprisen for den såkalla bravo-leiken, som er ein pedagogisk metode for born mellom 0 til 3 år.

Sidan ho vann prisen har det ikkje vore ein einaste kvinneleg nominert til prisen.

Trond Teigene er jurymedlem og administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han innser at det er for få kvinner som er blitt nominert.

– No er det slik at det er ope for alle å foreslå kandidatar. Vi har ikkje leita etter kvinner, men etter dei beste bedriftene. Men det er ein god og rett observasjon at det er veldig overrepresentert av mannlege gründerar, seier han.

– Fint at temaet kjem opp

Tal frå Statistisk sentralbyrå frå 2014 viser at 37,8 prosent av etablerarar av personleg eigde føretak i Noreg var kvinner, medan berre 20,2 prosent kvinner etablerte aksjeselskap.

Teigene er ikkje sikker på kvifor juryen ikkje har klart å finne fleire kvinnelege finalistar dei siste åra.

– Eg tykkjer det er fint at temaet kjem opp. Det gir oss ein moglegheit til å i neste omgang oppfordre folk til å foreslå kvinnelege gründerar. For det er ikkje tvil om at det også finst flinke, kvinnelege grundera i fylket, fortel han.

Blir ikkje millionær

Heidi Aabrekk

GRÜNDER: Heidi Aabrekk seier at ein ikkje blir millionær av gründertilverelsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reknes/NRK

Historiene om gründerar som har blitt både millionærar og milliardærar av ideane sine er mange, men Aabrekk tenkjer annleis.

– Skulle eg blitt mangemillionær hadde eg vald noko anna, ler ho.

– Eg har vanleg spesialpedagoglønn og det har aldri vore noko overskot i selskapet. Det er klart at det er eit mål for alle bedrifter å tene pengar, og vi ønskjer å bli berekraftige på sikt, men det er heilt klart hos ungane mitt engasjement ligg, seier ho.