Blei kalla hore og maktsjuk: Kroppen sa stopp for ordføraren

Etter fleire omstridde politiske debattar, fekk ordføraren i Vågsøy kommune så mykje sjikane at ho vart innlagt på sjukehus.

Maurstad

FEKK HETS: Ordførar Kristin Maurstad vart til slutt innlagt på sjukehus etter all hetsen ho fekk.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Med skulenedlegging, justering av kommunegrenser og kommunesamanslåing auka hetsen og sjikanen i sosiale medium over lengre tid mot Vågsøy-ordføraren. I januar i år sa kroppen stopp, og ho vart innlagt på sjukehus.

Til KS fortel Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad korleis ho vart kalla hore, maktsjuk og diktatorisk. Den første kommentaren ho såg var at ho burde sendast til helvete og brenne der.

– Det er heilt greitt å vera ueinige, men eg og dei rundt meg reagerte på dei kraftige karakteristikkane og den sjikanerande ordbruken som mellom anna gjekk på kjønn, seier ho.

Var med på å leggje ned skule

Ho hamna i ein betent politisk strid i heimkommunen då ho blant anna var med på å leggje ned skulen i heimbygda Bryggja, som ho hadde lova i valkampen å oppretthalde.

I tillegg har ho vore forkjempar for kommunesamanslåing med Flora, trass i folkerøystingar i Vågsøy som sa nei til dette.

No fryktar ho og andre politikarar at hetsen ho blei utsett for skal gjere det verre for kvinner å ta på seg politiske verv.

– Mitt inntrykk er at det ikkje er enkelt å rekruttere nye medlem til politikken, spesielt ikkje kvinner, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

Tidlegare i år avdekka Kommunal Rapport at 30 prosent av ordførarar og om lag 16 prosent av lokalpolitikarar har opplevd å bli trakassert eller trua sidan kommunevalet i 2015.

– Største trusselen mot demokratiet

 Peder Lofnes Hauge

Peder Lofnes Hauge meiner at netthets er ein stor trussel mot demokratiet.

Foto: Elise Årdal

Peder Lofnes Hauge er fylkesstyremedlem i Venstre Sogn og Fjordane. Han leiar også nominasjonsnemnda til Vestland Venstre.

Han meiner det er heilt tydeleg at damene i politikken får mest sjikane og hets.

– Du skal ikkje leite lenge i kommentarfelta i avisene, før du ser at sinte menn på internett skremmer bort kvinner frå å vera folkevald. Det er kanskje den største trusselen mot demokratiet, seier han.

Kommunen må stille opp

Jens Kihl skrev om Maurstad og den farlege hetsen i ein kommentar i Bergens Tidende. Han meiner ho har alle føresetnader for å bli hetsa.

– Ho er ung, kvinne og står åleine som einaste fulltidspolitikar i kommunen. Og så går ho inn i ei vanskeleg sak, då er det som verst, seier Kihl til NRK.

Han meiner kommuneadministrasjonen må stå opp for sine eigne politikarar når nokon blir hetsa.

– Ein må sjå på det som ei oppgåve for heile lokaldemokratiet. Dei færraste kommunane har godt nok apparat til å kjempe imot. Det blir ofte opp til den enkelte, seier han.

Seksualisert hets

Jo Saglie

PROBLEMATISK: Forskar Jo Saglie forskar meiner det er problematisk om netthets hindrar folk i å stille opp i lokalpolitikken.

Foto: Kyrre Lien/Institutt for samfunnsforskning

Jo Saglie forskar på lokaldemokrati og lokalval hos Institutt for samfunnsforsking. Han fortel at ein ser kjønnsforskjellar i hetsen.

– Både kvinner og menn er utsette for hets, men me ser at kvinner og til dels også minoritetar, vert utsette for ein annan form for hets. Kvinner blir meir utsett for ein seksualisert form for hets, medan menn meir blir kritisert for argument og standpunkt og ikkje for kven dei er, fortel han.