Kring hundre kvinner, og eit par menn, møtte i går opp for å demonstrere for betre veg mellom Olden og Innvik. Kvinnene bak demonstrasjonen børsta støvet av Magnus Lagabøte sine 730 år gamle lover. I lovteksten frå 1274 står det skrive at landevegen skal halde ei breidde på ni alen, det vil seie 5 meter og 64 cm. I går var tida komen for å sjå om riksveg 60 mellom Olden og Innvik held denne breidda i 2004.
- I følgje lova skal vegen vere ni alen brei, men det er den ikkje alle stadar her. Her skal trailerar, turistbussar og bussar med skuleborn køyre. Vi meiner det er på tide at vegen vert oppjustert til 1274-nivå, seier Turid Ulvedal Nes, ei av dei tre kvinnene som står bak kvinnetoget.
Engasjerer folk
Foto: Olaf Erlend Gundersen, NRK
Og det var tydeleg at dette var noko både kvinner og menn i Stryn var opptekne av. Det var ei stor forsamling dei tre kvinnene kunne ønske velkomne til å gå i demonstrasjonstog med hest og spyd frå Ugla til Svarthola i går. Og det såg ut til at dei bilistane som vart sittande i kø den halvtimen toget gjekk, tykte det gjekk greitt. Ingen fløyting, og tomlar var dei einaste fingrane som vart rekt i været.
Vil påverke politikarar
Målet for demonstrasjonen er å påverke sentrale politikarar framfor vedtaket om nasjonal transportplan om to dagar. Fleire lokale politikarar var i går mellom demonstrantane. Mellom dei var ordførar i Stryn, Nils P. Støyva.
- Eg er imponert over arrangementskomiteen. Dei er kreative og dei får sett saka på dagsorden. Eg trur at dette er med på å skape merksemd slik at vi kan få pengar til å utbetre denne dårlege vegen, seier Støyva.