Hopp til innhold

Kvinnene tek att mennene når det gjeld mobilbruk i bil

I fjor bidrog kvinner med heile 9,3 millionar kroner til statskassa for å ha snakka ulovleg i mobiltelefon.

Kvinne snakker i mobil og kjører bil

TUT OG SNAKK: 1 av 3 kvinner i fjor vart tekne med mobiltelefon medan dei køuyrde. Frå 2004 til 2012 steig kvinneandelen frå 23 til 32 prosent, ifølgje Statens innkrevjingssentral.

Foto: Erwin Wodicka - wodicka@aon.at / Colourbox

– Kvinner byrjar å bli like rampete som menn, seier UP-sjef Runar Karlsen til VG.

Avisa skreiv søndag at stadig fleire kvinner vert tekne i fartskontroll, og at politiet registrerer fleire kvinnelege råkøyrarar.

Men no syner det seg at det ikkje er berre på fart kvinnene tek att mennene.

Tek med seg bruken i bilen

Han trur dette kjem av at kvinner er hyppigare telefonbrukarar, og at dei tek med seg dette inn i bilen.

– Kvinner skal nå mykje i dag. Det kan virke som om dei ikkje oppfattar ulovleg mobilbruk som høgrisiko, og at det er større sosial aksept for å ta denne sjansen, seier Karlsen til avisa.

Tal frå Transportøkonomisk institutt syner at risikoen for at ei ulykke skjer, aukar med 20 prosent dersom du snakkar i handhalden mobil kontra handfri når du køyrer bil.

– Ein kan med rimeleg stor sikkerheit seie at det vil bli fleire ulykker med auka bruk av mobil og smarttelefonar. I yttarste konsekvens kan fleire bli drepne i trafikken. Mobilen tek både fysisk og mentalt merksemda vekk frå vegen og køyringa, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Vert forbode å taste og surfe

Frå 2. mai blir det forbode å taste og surfe på mobilen medan ein køyrer bil. Dette gjeld også dersom mobilen sit fast i ei haldar.

Den nye regelen kjem etter ei høyringsrunde der et er stor semje om innskjerpinga.

– Bilkøyring krev di fulle merksemd. Det gåru t over trafikktryggleiken dersom du tastar eller surfar på ein telefon medan du køyrer, seier avdelingsdirektør Jon Molnes i Vegdirektoratet.

Forsking syner at tasting går ut over øyreprestasjonen og reduserer trafikktryggleiken. Forskinga syner også at det er inntasting, ved for eksempel SMS, som fører med seg den høgste risikoen for trafikkulykker fordi reaksjonstida aukar.