Kvinner har ikkje fått gjere denne jobben før

Dei fem kvinnene skriv historie under EM i vektløfting i Førde. Skivepåsetting har tidlegare berre blitt gjort av menn.

Det er faktisk ikkje deltakarane som løftar mest under EM i vektløfting i Førde. I skytteltrafikk opp på podiet med nye vekter, spring ein gjeng nærast uten stans, - og dei er historiske.

TUNG JOBB: Skivepåsettarane må rekne med å springe opp og ned av podiet 90 gongar i løpet av konkurransen.

– Det mest spennande er om vi får låsen opp på stonga. Det verste vil vere å ikkje få til låsen og dermed bli ståande att på podiet, seier Emma Hald.

Ho er ein av fem kvinner i det historiske EM-teamet av kvinnelege skivepåsettarar som til ei kvar tid skal halde orden på at det ligg rette vekter på vektstonga under EM i vektløfting i Førde.

Det norske laget har lagt på vekter både for menn og kvinner under meisterskapen.

– Det er utfordrande med lette vekter for då ligg ikkje stonga like stødig, og den sprett mykje meir, seier Asta Rønning Fjærli.

Det historiske skivepåsettarlaget

SKRIV HISTORIE: Frå venstre Martine Halvorsen Sønju, Asta Rønning Fjærli, Betina Celin Kingell, Rebekka Tao Jacobsen og Emma Hald.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kan ikkje slurve med konsentrasjonen

Det historiske kvinnelaget har som ansvar å syte for at det er rette vekter på stonga til vektløftaren. Utøvarane kan heve vekta undervegs i konkurransen, og det må dei fem raskt få med seg. Derfor har dei klare arbeidsoppgåver.

– To av oss legg på vektene og festar låsane. To andre gir vekter og passar på dersom løftaren høgnar vekta. Den siste ser etter blod på stonga og passar på at vektstonga litt rett på podiet, forklarar damene.

Dei fem damene er historiske. Aldri før har eit kvinnelag vore på podiet under eit EM. Men det skjer i Førde.

KONSENTRASJON: Å halde fokus er viktig. Dei må ikkje glippe på at vektløftarane høgnar veka. Foto/redigering: Tone Lin Støfring Skovro

Som første kvinnelege EM-team av skivepåleggarar har dei fått mykje merksemd.

– Vi har fått veldig mykje positive tilbakemeldingar frå alle, seier Rebekka Tao Jacobsen.

– Fantastisk Girlpower

Ei av dei som har lagt merke til det historiske kvinnelaget er Tina Beiter frå Danmark som er nyvald styremedlem til det Europeiske vektløftarforbundet.

– Det der er GirlPower! Dei har gitt eit veldig positivt inntrykk gjennom heile EM.

– Kvifor har ikkje kvinner fått gjere denne jobben tidlegare?

– Det har ikkje vore vanleg. Vi gjer det i Danmark, men det har ikkje vore vanleg i meisterskap. Men dette er fantastisk. Det står som eit førebilete for heile EM i Førde at dei er nytenkande og vågar.

Tina Beiter

GIRLPOWER: Styremedlem Tina Beiter frå Danmark rosar arrangøren for å gje kvinnene ein sjanse, også som skivepåsettarar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Beiter er sjølv einaste kvinne i styret det Europeiske vektløftarforbundet. Som kvinne er ho også sjeldan internasjonalt.

– Så dette er noko av det eg vil slå eit slag for i forbundet framover. Meir kvinner!

Stress og varme

Dei fleste kvinnene på skivepåsettarlaget er sjølve vektløftarar. Rebekka Tao Jacobsen kom til EM for å løfte sjølv. Ho er ikkje i tvil om kva som er tyngst.

– Å vere skivepåsettar er tyngst!

I løpet av ein konkurranse må dei rekne med å springe opp og ned av podiet rundt 90 gongar.

– Det mest pinlege ville uansett vere om trusa viste på TV så vi har snurpa godt att collegebuksene, ler dei fem.

No håpar dei at innsatsen deira er blitt så godt lagt merke til at dei får bli med til andre konkurransar.

– Vi vil gjerne vere med til VM i Brasil! humrar dei fem damene.