NRK Meny
Normal

Kvinneleg syklist send til sjukehus etter stygt fall på populær sykkelveg i Sogn

Ein kvinneleg syklist er frakta til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse etter eit stygt fall på Rallarvegen i Aurland.

Ambulanse på veg ut av Flåmsdalen, der ei kvinne vart skadd i ein sykkelvelt

SYKKELVELT: Ei kvinne er frakta til sjukehus etter at ho ramla på sykkel i Flåmsdalen. Biletet er teke ved inngangen til Flåmsdalen, øvst i Flåmsbygda, der brannvesenet i kveld stogga trafikken.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Politiet fekk melding om hendinga like over klokka 18 tysdag kveld, og både helsepersonell, brannkorps og politi vart sende til staden.

Har truleg mista kontrollen på laus grus

Politiet i Sogn og Fjordane skriv på sin logg at meldinga gjekk på at ein syklist hadde velta, og at ho var sterkt skadd.

– Vi har nyleg sett i verk eit redningsoppdrag i Flåm, der ein syklist har sykla i koll på Rallarvegen, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no klokka 18.10.

Uhellet skjedde i området mellom Berekvam og Blomheller, eit område som ligg nokre kilometer oppe i Flåmsdalen.

Ifølgje politiet har uhellet skjedd på ei bein vegstrekning utan helling. Kvinna har truleg mista kontrollen på grunn av laus grus i vegen, skriv politiet på sin logg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sykkelulukke på Rallarvegen

SYKLIST SKADD: Rallarvegen er ein populær, men krevjande og bratt turveg som er mykje nytta av syklistar.

Til sjukehus med luftambulanse

– Kvinna blir no teken hand om av helsepersonell, seier Hope til NRK.no klokka 18.20.

Kvinna skal ha vore bevisst då ho vart teken hand om av helsepersonell, men Hope har ikkje ytterlegare opplysningar om skadeomfanget.

Ved AMK på Førde sentralsjukehus stadfestar dei klokka 18.40 at luftambulansen har landa på staden. Dei kan førebels ikkje seie noko skadeomfanget.

Like over klokka 19 får NRK.no opplyst at kvinna er send til sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse.

Svima av etter ulukka

Kvinna som er skadd er ein utanlandsk turist, og ho var i følgje med fleire andre då uhellet skjedde. Ingen av dei andre skal ha kome til skade. Desse blir no frakta ned frå ulukkesstaden av redningspersonell.

Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier kvinna svima av etter at ho ramla, men at ho til alt hell fekk raskt hjelp.

– Det var ein sjukepleiar blant turistane som var på veg på toget på Flåmsbana, og dette stogga slik at kvinna fekk raskt helsehjelp, seier Hope.

Politiet opplyser at dei vil gjere undersøkingar på staden.

Brannvesenet stoggar trafikken inn i Flåmsdalen, der det har vore ei ulukke på Rallarvegen

STOGGA TRAFIKKEN: Brannvesenet ved Ronny Bøe stoggar tysdag kveld trafikken inn i Flåmsdalen, der ei kvinne har ramla stygt på sykkel.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy